
Søndag 03/07-2011
Profilar og anekdoter
Med tittelen “Profilar og anekdoter” søndag byr Johnse Sættem og andre i Bøfjorden Historielag på verbale og historiske godbitar fra bygda si. Det står respekt av mangt eit livsverk i gamle dagar. Samtidig ligg mykje original-humor i botnen av programmet – om Guro som vandra til nabobygda 102 år gammal, om han Erk med Svartboka, om sjøulkar, originalar og kulturpionerar. Alt krydra med stubbar og sitat. Innimellom er det gjenhør med gamle stemmer via CD og gjensyn med gamle dagar via biletskjermen. Og frå kjøkenet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum duftar det kaffe – som alltid. Johnse Sættem fortel om gamle sambygdingar på museet søndag.