IMGP9358

No med namn på 50-årskonfirmantane!

Preikesøndag med full pakke i Rindal

Denne søndagen var det både barnedåp, konfirmantpresentasjon (bildet over, nokre kunne ikkje møte), 50-årskonfirmantjubileum og nattverd i Rindal kirke. Nedafor kan du lese preika og sjå fleire bilde frå gudstenesta.

Søndagens preiketekst og preike av Lene prest i Rindal:

14 Det er som med en mann som skulle dra utenlands. Han kalte til seg tjenerne sine og overlot dem alt han eide: 15 En ga han fem talenter, en annen to og en tredje én talent – etter det hver enkelt hadde evne til. Så reiste han.
    16 Han som hadde fått fem talenter, gikk straks bort og drev handel med dem og tjente fem til. 17 Han som hadde fått to talenter, gjorde det samme og tjente to til. 18 Men han som hadde fått én talent, gikk og gravde et hull i jorden og gjemte sin herres penger.
    19 Da lang tid var gått, kom tjenernes herre tilbake og ville holde regnskap med dem. 20 Han som hadde fått fem talenter, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du ga meg fem talenter; se, jeg har tjent fem talenter til.’ 21 Herren hans svarte: ‘Bra, du gode og tro tjener! Du har vært tro i lite, jeg vil sette deg over mye. Kom inn til gleden hos din herre!’ 22 Også han med to talenter kom fram og sa: ‘Herre, du ga meg to talenter; se, jeg har tjent to til.’ 23 Herren hans svarte: ‘Bra, du gode og tro tjener! Du har vært tro i lite, jeg vil sette deg over mye. Kom inn til gleden hos din herre!’
    24 Så kom også han fram som hadde fått én talent, og sa: ‘Herre, jeg visste at du er en hard mann, som høster hvor du ikke har sådd, og sanker hvor du ikke har strødd ut. 25 Derfor ble jeg redd og gikk og gjemte talenten din i jorden. Se, her har du ditt.’ 26 Men herren svarte ham: ‘Du dårlige og late tjener! Du visste at jeg høster hvor jeg ikke har sådd, og sanker hvor jeg ikke har strødd ut. 27 Da burde du ha overlatt pengene mine til dem som driver med utlån, så jeg kunne fått dem igjen med renter når jeg kom tilbake. 28 Ta derfor talenten fra ham og gi den til ham som har de ti talentene! 29 For den som har, skal få, og det i overflod. Men den som ikke har, skal bli fratatt selv det han har. 30 Og kast den unyttige tjeneren ut i mørket utenfor, der de gråter og skjærer tenner.’

 

Ja, korleis står det til med oss, då? Vesle Wilhelm har heile livet føre seg. Han er boren til Guds hus og har fått full pakke med både nåde og frelse før han eingong forstår kor viktig det er. Konfirmantane som skal presenterast i dag er ungdommar som sikkert og irriterande nok allereie har kjent på presset for å prestere og vera både kul og populær. 50-års-konfirmantane, - som stadig blir berre yngre og yngre, har kanskje lagt hovudtyngda av ambisjonar og karrieretenking bak seg. Og alle oss andre, - er me tilfreds eller kjenner me jaget etter eitkvart, alle og ein?

I dag talar Jesus til oss om talentar. Det er ein alvorleg tale med ein dramatisk slutt. Det er gjerne med dykk som med meg: Her er det enklaste å gjera som bøygen og late som at alt går bra til slutt.

Og kva er det som bestemmer korvidt det skal gå bra eller ikkje?

For dei tre karane me har høyrt om, handla det om talent. Nærare bestemt talentar.

I vårt språk er talent noko av det same som anlegg, eigenskapar, noko me er født med. Nokon har talent for dans og musikk, nokon har talent for kunst eller drama – og endå til finst det nokon blant oss som har talent for både litteratur og matematikk. Når talenta er ulikt fordelt, blir det spanande og til tider utfordande mangfold mellom oss.

Talenta som Jesus fortel om, er ei type penge-eining. Og det handlar om svimlande pengebeløp. Ein talent tilsvarte 20 årsløner. Kva var det så han fekk, han som fekk fem talentar? Jau, det vart 100 årsløner . Med ei årsløn på 500.000 blir det 50 millionar. Han som fekk tre talentar å forvalte, fekk 60 årsløner. Og han som fekk ein talent å passe på, fekk 20 årsløner.

Herren overlot alt han eigde til desse tre då han fòr. Og det var neimen ikkje det dummaste han kunne gjort. Formua vart jo dobla både for den eine og den andre …. – men ikkje for den tredje.

Herren gav alt han eigde til desse tenarane for at dei skulle styre med økonomien hans mens han var utanlands. Det er ikkje dårleg til tillit!

Me skal ikkje lesa lenge i Skrifta, før me ser at dette er typisk Herren – han de veit med stor H. Dette er typisk Herren – også overfor oss:

Me treng ikkje å rekne med svimlande beløp og mange siffer for å lesa eitkvart om kva me er verd. Me er verd å døy for, er me. Tenk på ei slik vippehuske der ein går opp mens den andre går ned. Omtrent slik er det når Herren investerar i oss: Me blir løfta til himmels av han som fèr ned til dødsriket med alt me hadde drege på oss av skuld og ansvar som me aldri kunne greie ut med lell.

Frelsa me får i Jesus Kristus er langt større enn 500 millionar eller kva tal det enn skulle vore. Når Guds kjærleik til oss i Jesus Kristus er rekna i hop, står me att med eitt liv – Jesu liv – mot vårt liv.

Verdien i alt Jesus gjer for oss, er det uråd å halde styr på. Men han bèr med seg noko som gjerne kan irritere oss i tankane våre om kva som er rettferdig og ikkje:

I Guds rike handlar det ikkje om oss og vårt av karriere, ambisjonar, flid eller arbeid. Alt dette vårt strev me gjerne er stolte over, blir underordna. Alt det handlar om i Guds auge, er at me er verdfulle slik me er – som den me er.

Og slik sett står me på akkurat same nivå overfor Gud om me er små som Wilhelm, unge som konfirmantane og 50-års-konfirmantane, eller halvgamle som resten av oss.

Me fekk svimlande verdiar i dåpen, der me vart døypt til Jesu død og oppstandelse.

Så er det om å gjera at me tenkjer noko på å forvalte verdiane me har fått, - lata dei vera store for oss i den grad at anna folk òg kan sjå og forstå at Jesus ikkje gjev oss mindre enn alt.

IMGP9366.JPG
Wilhelm Karlstrøm med foreldre og faddere. (Foto: Kjellaug Foseide).

IMGP9368.JPG
Blide jubilantar som gler seg til å få ei god stund ilag på menighetshuset etter gudstenesta. (Foto: Jan Brødreskift).

Her er namna på jubilantane på bildet, damene med pikenamn:
1. rekke: Inger Marit Bolme, Eva Solvik, Beret Lisbet Eide og Målfrid Løset.
2. rekke: Marit Heggem, Anne Møkkelgård, Aase Bjørnstad, Oddrun Jorid Grytbakk, Nanfrid Ranheim, Maj Ingrid Glærum og Turid Røen.
3. rekke: Olav Bjørnås, Rolv Olsen, Per Røen, Bjørn Olav Børset, Ola T. Heggem,Jan Erik Bolme og Anders Sinnes.
4. rekke: Kjell Ingar Bråten, Noralf Løfald, Ola O. Romundstad, Ola Krangnes og Georg Haltli.