Rindal kirke vårb_cropped_585x423

Preika sundag

Lene Gåsvatn har sendt oss preika for dagens gudtstjeneste!

Rindal krk 26.07.11 – Lk.16,19-31.

Eg hugsar det som det var i går: Peder på aldersheimen i Rypefjord utanfor Hammerfest. Karriera i politikken var tilbakelagt. Men han viste gjerne bort biletet av seg sjølv i lag med Gro Harlem Bruntland. Det var tydeleg at han var stolt.

Peder var også tydeleg i replikken. Ein dag eg kom og skulle halde andakt, seier han til meg som følger: Du har synda! Du er for tjukk. Dette kjem av at du har frotsa.

Eg gav han rett den gongen. Dommen hans over fråtsinga mi hadde neppe vorte mildare om han hadde sett meg no.

Eller var det ein advarsel han kom med, dette gamle formannskapsmedlemmet frå Hammerfest? Var det ei åtvaring – på linje med den Jesus kjem med når han fortel likninga om Lasarus og den rike mannen?

Me høyrer lese frå Lukas 16:
Det var en rik mann som kledde seg i purpur og fineste lin og levde i fest og luksus dag etter dag. Men utenfor porten hans lå det en fattig mann som het Lasarus, full av verkende sår. Han ønsket bare å få mette seg med det som falt fra den rikes bord. Hundene kom til og med og slikket sårene hans.


Så døde den fattige, og englene bar ham til Abrahams fang. Den rike døde også og ble begravet. Da han slo øynene opp i dødsriket, der han var i pine, så han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil ham. 'Far Abraham,' ropte han, 'forbarm deg over meg og send Lasarus hit, så han kan dyppe fingertuppen i vann og svale tungen min. For jeg pines i denne flammen. 

Men Abraham svarte: 'Husk, mitt barn, at du fikk alt det gode mens du levde, og Lasarus fikk det vonde. Nå trøstes han her, mens du er i pine.Dessuten er det lagt en dyp kløft mellom oss og dere, slik at de som vil komme herfra og over til dere, ikke skal kunne det, og ingen kan gå over fra dere til oss.'  

Da sa den rike: 'Så ber jeg deg, far, at du sender ham til mine fem brødre hjemme hos min far for å advare dem, så ikke de også skal komme til dette pinestedet.' Men Abraham sa: 'De har Moses og profetene, de får høre på dem.' Han svarte: 'Nei, far Abraham, men kommer det noen til dem fra de døde, vil de omvende seg.' Abraham sa: 'Hører de ikke på Moses og profetene, lar de seg heller ikke overbevise om noen står opp fra de døde.'»

Me har fulle kjøleskåp. Fulle frysarar. Fulle vedlager. Og fulle hus. Det manglar ikkje på velstand - med eller utan kreditt.

Dessutan har me ikkje nokon Lasarus som ligg utanfor porten vår. Den slags folk er det NAV som tek seg av, må vita.

Men me møter rett som det er haldningar som går på dette at dei fattige har nok med det dei har. Nokon gjer det til politikk å skulle kutte i bistandsbudsjettet. Den snaue prosenten av bruttonasjonalbudsjettet som går til U-hjelp er for stor, må vita.

Det er ei skam. Eg har fråtsa så eg er for feit. Den synda syns lang veg. Skamma sit i feittlaget. Blir det spørsmål etter kva me bruker pengar på, blir det ei skam for dei fleste av oss. For kva går dei ikkje til, om ikkje til oss sjølve og dei som høyrer oss til?

Lasarus ligg ikkje utanfor porten. Paradoksalt nok er han kome nærare oss. Ubehageleg nær er han, der han ser på oss frå vår store flatskjerm på – kor mange tommar syns me at me måtte ha?

Lasarus er jenta som blir tvangsgifta eller seld som slave. Lasarus er mora som let borna få maten så ho kan sleppe å sjå dei døy av svolt. Lasarus er fabrikkarbeidarane som arbeider utan arbeidsmiljølov og tariff så me kan kjøpe oss klede og ting som stadig blir bellegare – mens me finn det for godt å klage på at maten er for dyr.

Han tek oss på kornet, Jesus. Lasarus er ikkje død. Han er mellom oss som eit stikk i samvitet – som ei kollektiv skam. Me har alle vår bit av ansvar for at Lasarus lid.

Men kva gjer me med det? Gjer me som den rike mannen – han som er vår skrekk og advarsel? Kva seier vel ikkje Jesus til han, om ikkje at han må hugse på at han hadde fått goda sine mens han levde på jorda.

Det er ein fare for oss som lever på jorda, at me er i ferd med å bruke opp goda våre. Om ikkje velstanden vår er det fyrste som forsvinn, gjer all forurensning sitt til at jorda er i ubalanse.

Og var det forresten til berikelse for oss å ha så mykje mat å fråtse i? Vart det til velsignelse for oss å ha så mange ting me må flytte på og halde orden i?

Eller mon tru om velsignelsen var større i dette å kunne gje heller enn å skaffe seg stadig fleire ting og opplevingar?

Me har fått åtvaringa. Når Jesus talar, vender han seg til desse som Lukas kallar for farisearar og pengekjære. Han er forut for si tid når han åtvarer, og legg i Abrahams munn orda som også er til oss: “Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.”

Trur me at nokon har stått opp frå dei døde? Trur me – så veit me kva me har å gjera.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve.