IMGP5708

Preika på Tørsåsløa

I dag er søndagsgudstenesta på Tørsetløa i Rindal, og sokneprest Lene Gåsvatn innleidde preika si slik: Orda eg har fått å preike over i dag, er blant dei store. Store ord – og stort bodskap. Faktisk skal det vera til frelse òg. Det er berre så me høyrer – så skal det bli.
 

 Me høyrer frå Johannes kapittel 3:

 

Prekentekst Johannes 3,11-16.

Sannelig, sannelig, jeg sier deg: Vi taler om det vi vet og vitner om det vi har sett, men dere tar ikke imot vårt vitneutsagn. Hvis dere ikke tror når jeg taler til dere om det jordiske, hvordan kan dere da tro når jeg taler om det himmelske? Ingen annen er steget opp til himmelen enn han som er steget ned fra himmelen: Menneskesønnen, *som er i himmelen. Og slik Moses løftet opp slangen i ørkenen, slik må Menneskesønnen bli løftet opp, for at hver den som tror på ham, skal ha evig liv. For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

 

Me skal ikkje ha vore å lenge borti kristelege samanhengar før me får med oss at Johannes 3,16 vert kalla for Den vesle Bibel.

 

 

For så høgt har Gud elska verda, at han gav sonen sin, den einbårne, for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Skriftordet fylgjer oss bokstaveleg talt frå vogge til grav – i kvar dåp og i kvar gravferd.

 

 

I eitt einaste vers får me presentert for oss Guds ulukkelege kjærleiksforhold både til verda og oss som bur her.

 

 

Ulukkelege kjærleiksforhold – er det slik det er? Er det slik at Gud går på trynet når han skal gå på utpågang til oss som han skapte, dreg ansvar for og nektar å gje opp?

 

 

Langt på veg går Gud på trynet. Høyr berre kva som står: Så høgt har Gud elska verda …

Like gjerne kunne det stått at verda er djupt elska.

Så djupt er verda elska at han gjev sonen sin til soning for oss. Soning i staden for oss.

 

Då Jesus vart født, var det i høgste grad synleg for alle. Det var stjerne, vise menn og svært til oppstandelse. Ingen skulle vera i tvil om kven denne karen var, nei.

 

 

Ein del skal demre for folk når Jesus døyr. Dei ser at han heng der ganske åleine på korset sitt. Det er vel så folk må ane at det som skjer i høgste grad er urettferdig. Kva gale har han gjort? Pilatus spør seg, og me må gjerne gjera det same. Kva gale har Jesus gjort, der han går på utpågang til oss for å gje oss det me mest av alt treng?

 

 

Me må gjerne løfte blikk og tanke ein smule. Spørje oss kva gale Jesus har gjort – eller endåtil kva gale me har gjort sjølve.

 

 

Nokon måtte meine at det er trasig dette at fortapelsen står som eit alternativ. At me kan gå fortapt – eller endåtil bli mista!

 

Så er det nå opp til oss om me vil ta det til etterretning. Ja, det er ein fare for å bli mista – eller gå fortapt.

 

Men det er jo akkurat difor Jesus kjem!! Han kjem for at me ikkje skal gå fortapt. Han kjem for å trøste, bera og hjelpe oss.

 

Så kan me ha i mente at om nokon gremmast over fortapelsen, så gjer Gud det langt meir enn oss.

 

Han gjer noko med det og går på trynet for oss. Koste kva det koste vil å få desse folka i verda og i Rindal frelst – om det så skal koste min eigen son!

 

Så må me gjerne vita det så me trur det: Gud sender ikkje sonen sin til verda for å dømme verda men for at verda skal bli frelst ved han.