Preika frå Øvre Rindal kapell Allehelgensdag
Øvre Rindal kapell Allehelgensdag -19. Jes. 60,18-22
18 Ingen skal høre mer om vold i ditt land,
om herjing og ødeleggelse
innenfor dine grenser.
Du skal kalle murene dine Frelse
og portene dine Lovsang.
19 Solen skal ikke lenger være ditt lys om dagen,
måneskinnet skal ikke lyse for deg,
men Herren skal være ditt lys for evig,
din Gud skal være din herlighet.
20 Din sol skal ikke mer gå ned,
din måne skal aldri avta.
For Herren skal være ditt lys for evig.
Sørgedagene dine er til ende.
21 I ditt folk skal alle være rettferdige,
de skal eie landet til evig tid.
De er et skudd i min hage,
som hendene mine har laget til min ære.
22 Den minste skal bli til tusen,
den ringeste til et mektig folkeslag.
Jeg er Herren,
når tiden er inne,
lar jeg det skje i hast.
Tenke seg til å seie det, høyra det, tru det og vita det: Sørgedagane dine er til endes. Det er slutt på sorga di. Ho er ikkje di lengre. Ho held deg ikkje lengre nede som ei tung bør. Ho er ikkje meir.
Kva syrgjer me over?
Me syrgjer over dei me mista. Dei som forlot oss utan å koma att. Dei me har mista for resten av tida me lever her på jorda.
Men for oss menneske med sårflater er det meir å syrgja over: Me syrgjer over draumane som vart knuste. Over alt som ikkje vart som me hadde tenkt. Over knuste ambisjonar og forspilte forsett. Over at me ikkje strekk til. Over venskap me gjerne skulle hatt og kjelder til fornying me ikkje finn. Ikkje så få av oss brukar tid og energi på å syrgja over syndene våre, også. Det var så mykje som vart feil - .
På mange måtar er kyrkja ein motkultur mellom oss.
Det står ikkje på vonde hendingar og dårlege prognosar å fortvile seg over, bli tungsindig av og bli redd av. Det er så mykje vondt her i verda. Langt på veg forklarer historia om syndefallet oss om kvifor ting er som dei er.
Men slik skal det ikkje bli!
Herren skal væra lyset ditt for evig.
Murane heiter for frelse og portane skal kallast for lovsong.
Sørgedagane dine er til endes.
Den minste skal bli talrik.
Eg er Herren. Når tida er inne, let eg det skje i hast.
Har det skjedd allereie, eller er dette noko me fortsatt har å vente på?
Det er sundagsskulelærdom at Jesus oppfyller Det gamle testamente, og dermed også denne stubben av profeti frå Jesaia. Kven er vel ikkje lyset i verda – og lyset vårt – om ikkje Jesus?
Kven er vel ikkje frelse og lovsong, om ikkje han?
Og prinsipielt sett, vart vel det meste av årsaken til all sorg mellom oss til endes, i og med oppstandelsen og sigeren over vår siste fiende?
Den vesle flokken er jammen vorten talrik, - me er mange om å dele både frelse, lovsong og himmelhåpet.
Men me ventar fortsatt på at tida skal koma, når alt skal skje i hast – som me skal seia det i den nikenske trusbekjennelsen seinare i kveld: Vi venter de dødes oppstandelse og et liv i den kommende verden.
Enn så lenge kan me halde fram med å nære oss av dei gamle orda med sitt av trøyst og framtidshåp. Og me kan nære oss av den gamle maten som stadig gjev oss ny energi og nytt mot, idet me sig ned med stive kne på ubekvem alterring og deler nattverdmåltidet med dei som gjekk føre oss. Det er difor alterringen ikkje er rund, - at me feirar Herrens måltid i lag med hans menighet i himmelen og på jorden. Dei har forlatt oss her, men ikkje for alltid.
Me står i lag, me som fekk. Me som lever av det me får.
Sokneprest Lene Gåsvatn