Preika for allehelgenssøndag
Litt forsinka får vi her søndagspreika frå Lene prest. Det er preika frå siste søndag, allehelgenssøndag, i Rindal kyrkje, og der er berre å klikke seg vidare for den som vil lese den:
Rindal kyrkje Allehelgensdag -11.
Me høyrer preiketeksta – eller Saligprisningane - slik det står skrive hjå evangelisten Matteus i det femte kapittel:
Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han.
Då tok han til orde og lærte dei:
«Sæle dei som er fattige i ånda,
himmelriket er deira.
Sæle dei som sørgjer,
dei skal bli trøysta.
Sæle dei audmjuke,
dei skal arva jorda.
Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
dei skal bli metta.
Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.
Sæle dei reine i hjartet,
dei skal sjå Gud.
Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.
Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
himmelriket er deira.
«Sæle dei som er fattige i ånda,
himmelriket er deira.
Sæle dei som sørgjer,
dei skal bli trøysta.
Sæle dei audmjuke,
dei skal arva jorda.
Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
dei skal bli metta.
Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.
Sæle dei reine i hjartet,
dei skal sjå Gud.
Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.
Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
himmelriket er deira.
Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
Slik lyder Herrens ord.
Kjærlighet er en vanskelig ting, skriv Agnar Mykle i si mest berømte bok. Kjærligheten er en vanskelig ting. Og han har så rett.
Det vanskelegaste med kjærleiken, er at det blir så lite plass mellom nærvær og fråvær. Særleg ser me det i dag: Me minnes dei som var våre, dei me heldt av, dei me hadde ein relasjon til på eit eller anna vis. Me ser oss berika gjennom alt dei gav oss – og dermed blir det også sårt og vondt når avskjeden er endeleg. Slik sett blir kjærleik og sorg to sider av same sak. Kjærleg nærvær og sorgfullt fråvær. Som eit anten- eller.
Det gjer godt og vondt på ein gong. Slik er kjærleik og død. Og slik er også saligprisningane. Jesus talar om dei som på ein eller annan måte har det vondt. Og så seier han noko om at det skal bli betre enn det er no.
Høyrde de det? Dei som er fattige i ånda, eig himmelriket. Dei som syrgjer, skal bli trøysta. Dei som er audmjuke – eller kua av anna folk – skal arve jorda. Dei som er svoltne på rettferd, skal bli metta. Dei som syner miskunn, skal få miskunn. Dei reine av hjarta, skal sjå Gud. Dei som skapar fred, skal kallast Guds born.
Altså: Jesus seier at dei som gjer godt i ei vond verd, skal få det godt. Er det drygt no, skal det bli likar`. Også for dei som syrgjer. Også for dei som blir mobba og trakassert fordi dei vil høyre Gudsriket til. Også for dei som er reine av hjarta.
Så vender Jesus seg til disiplane, og seier: Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
Det er mange nok som lever under slike vilkår. Alt for mange er det som lid på grunn av Jesus ved at dei blir spotta og forfølgt, ljuge på og tala stygt om. Her hjå oss er det ikkje akkurat dødsstraff for å høyre Jesus til. Men eg vil meine det er mange som ikkje torer å stå ved Jesus-trua si i frykt og redsle for vondt folkesnakk.
Kva seier vel ikkje Jesus til oss trøyste-orda sine, om ikkje dette at det vonde ikkje skal vare. Det skal bli, seier Jesus – at de får sjå himmelen de har over livet.
Kjærleiken er ein vanskeleg ting. Så visst er den det!! Kjærleiken er ein vanskeleg ting – for oss og for Frelsaren vår. For han kosta det livet å skulle gje oss livet. Han betalte med kors og død for at me skulle gå fri skulda vår og eige framtidshåpet. Han gav alt så me skulle få alt.
Kjærleiken er ein vanskeleg ting. Dess meir me elskar, dess meir er me utsett for å oppleva sorg og sakn.
Men så veit me – og kan tru det: Døden skal ikkje få siste ordet. Sanneleg: Det skal bli underleg rart å sjå når Gud skal til å tørke kvar tåre frå augo våre.