Fotballhall Rindal utseende

Positivt for idretten i dalføret

I går sa formannskapet i Surnadal ja til å støtte fotballhallen i Rindal. Ordførar i Surnadal, Mons Otnes, sier til Trollheimsporten at fotballhallen blir eit svært positivt tilskudd til idretten i dalføret vårt. Og han kjem med ei utfordring til Ola T. Heggem.

Surnadal kommune støtter fortballhallen med kr 775.000,- i tilskot til bygging, og årleg driftsstøtte på 5% av det framlagte driftbudsjettet i i 20 år. Dette utgjer kr 25.000,- det første året.

Hallen vil få ytre mål på 50 x 75 meter. Forutan speleflate for fotball på 40 x 60 meter kunstgras, vil hallen få plass til fire løpebaner på 60 meter samt lengdegrop på ei kortside. 

I vurderinga til formannskapet heiter det mellom anna at det er stort behov for ein fotballhall med kunstgras i dalføret vårt, noko som har medført at kapasiteten i Surnadal idrettshall er sprengt – ikkje minst fordi mange fotballag trenar innandørs vinters tid. Utviklinga går i retning av at fotball er heilårsidrett, og skal breddefotballen i Surnadal henge med må lag/spelarar/trenarar ha tilgang til gode treningsforhold også i den mørke årstida. Det vil truleg ta mange år før ein hall står ferdig på Øye, samtidig som det truleg er lite aktuelt å vurdere ein storhall i Surnadal. 

Surnadal IL og Rindal IL har inngått samarbeid om eit felles juniorlag i fotball, og det er grunn til å tru at dette vil gi grunnlag for felles treningar i begge kommunar uansett. Rindalshallen vil styrke dette samarbeidet, og gje grunnlag for vidare utvikling av felles aktivitet og samarbeid mellom både idrettslaga og kommunane generelt.

Detaljane omkring tidsfordeling og bruk av hallen vil bli utarbeidd av idrettslaga.

Rindalshallen er eit svært positivt tilskudd til idretten i dalføret vårt, sier Mons Otnes. Surnadal kommune sin støtte til hallen er enda eit eksempel på godt samarbeid mellom nabokommunane.

Mons Otnes utfordrar ordførar i Rindal, Ola T. Heggem, til straffesparkkonkurranse på åpninga av hallen...