
Politisk og administrativ styring i Surnadal utsett
Over orienterer rådmann Geir Vikan kommunestyret om forslaget til ny politisk og administrativ struktur
Rådmann Geir Vikan denne tilrådinga i det siste kommunestyremøtet:
Politisk struktur: 1. Hovudutval for oppvekst og omsorg blir lagt ned. I staden for blir det oppretta eit Hovudutval for oppvekst med sju medlemmar og eit Hovudutval for helse og omsorg med 7 medlemmar.
2. Hovudutval for administrasjons og arbeidsmiljø blir lagt ned. Det blir oppretta eit administrasjonsutval med sju medlemmar, der fire av medlemmane er valt av politikarane og bør samtidig sitte i formannskapet, mens dei resterande tre skal vere valt av arbeidstakarsida. Administrasjonsutvalet er og likestillingsutval. Vidare skal det opprettast eit arbeidsmiljøutval med 10 medlemmar med fem frå arbeidsgivarsida, derav to politikarar, og fem frå arbeidstakarsida.
3. Klientutvalet blir lagt ned.
4. Husnemnda blir lagt ned som politisk utval. Kommunen skal ha ei administrativt oppnemnt husnemnd.
Administrativ struktur: 1. Einingane Øye barnehage og Skei barnehage går saman til felles eining.
2. Det blir oppretta ei ny eining kalla Rehabilitering og habilitering.
3. Einingane Bygg og miljø og Næring og utvikling blir erstatta av eininga Bygg, miljø og næring. Brann og feiarvesenet blir lagt til eininga Kommunalteknikk.
4. Det blir oppretta ei Plan og IKT-avdeling med eigen leiar, som skal innehalde fagområda plan, IKT, arkiv og politisk sekretariat.
I kommunestyret sette Sp og Ap fram følgjande forslag: Utsetting av saka til neste møte i kommunestyret. Vi ønsker ei nærare administrativ vurdering av desse momenta i omsorgsstrukturen:
Vi får da 2 einingar: Helse og Omsorg. Helse: Dagens Helse med Rehabilitering og dagplassar. Her får vi samla dei førebyggande tenestene. Omsorg: Består av Institusjonane, Heimetenesta og Habilitering. Her får vi ei felles leiing av omsorgstenestene med ein sterk fokus på samarbeid og samhandling. Eininga blir stor og treng eit leiarteam med leiar (organisatorisk leiing) – Økonom – 3 fagansvarelge (ein frå kvar av einingane).
Forslaget frå Sp og Ap vart samrøystes vedteke, noko som betyr at saka kjem att i neste kommunestyremøte tidleg i september.
Her kan du lese heile saksutgreiinga for den politiske og administrative strukturen. Heile saklista frå kommunestyremøtet i Surnadal sist finn du her og protokollen her.