Ravi foto ravi

Plateaktuelle Ravi til Vårsøghelga

Surnadal Sparebank fyller 175 år i år og i det høve inviterer banken saman med Laget Vårsøg til familiekonsert med Ravi - og hans splitter nye plate Disaora - under Vårsøghelga 2017.

Arrangementet vil finne stad på tunet til garden Austistua i Moen. På tunet står nemleg eit av dei fire stabbura som fungerte som kornmagasin, og da dei vart selde blei grunnlaget til Surnadal Sparebank i 1842. Svein Sæter vil fortelje historia på arrangementet før vi slepp til Ravi.

Fredag 24. mars har RAVI plateslepp på plata «Disaora», som vårsøgpublikummet vil bli nokre av dei første til å høyre live, melder Laget Vårsøg i ei pressemelding torsdag.

 

Pressefoto: ravi.no