Pipelife imponerte!
Omvisning på bedriften. Fra venstre Sven Ranes, Kjellaug Brørs, Styrkår Brørs, Kristian Ranes, Hans Mogstad som fortalte og forklarte, Tor Mogstad og Kåre Sæterbø.
40 personar var med då Senioruniversitetet for Indre Nordmøre 29/4 besøkte bedrifta PipeLife i Surnadal. Og det var svært mykje interessant direktør Kjell J.Larsen hadde å fortelje frå bedriftshistoria, utviklinga framover mot i dag, og utfordringane framover. Frå starten i 1969, hadde produksjonen av plastrøyr utvikla seg eventyrleg. Frå 2 millionar i omsetning i 1972, hadde bedrifta no over 900 millionar i omsetning, og kvar dag køyrer eit 30-tals store trailarar ut frå fabrikkområdet i Surnadal med last. Først og fremst gjeld det vatn- og kloakkrøyr, drenerings- og kabelrøyr, men også røyr til VVS og elektrisk installasjon. Kvalitet og miljøomsyn er viktig i alle delar av produksjonen, og det er eit tankekors at transporten av produkta i dag er den største miljøutfordringa.
Kjell Larsen holdt foredrag.
Kjell J.Larsen har arbeidd på PipeLife sidan 1980, og PipeLife var sidan 1998 del av eit stort internasjonalt konsern, med verksemd i 27 land. 2 fabrikkar låg i Noreg, og hovudkontoret for den norske avdelinga er i Surnadal. Eit stort internasjonalt kontaktnett gav oppdrag i alle verdsdelar, og Larsen fortalde om viktige oppdrag t.d. i Ghana, Ukraina og Sør-Amerika. Bustadbygging og nasjonale miljøaksjonar hadde stimulert bedriftsutviklinga på 1970-talet, og Larsen såg for seg at miljøbehova og klimautviklinga framover ville gjere PipeLife-produkta enda meir etterspurde. Men då var det samtidig nødvendig å halde fast på satsinga på kvalitet og å vere utviklingsorientert. Men med ein sjukefråværsstatistikk på rundt 2,8 % blant sine 100 tilsette, synest PipeLife å vere ei uvanleg frisk og sunn bedrift !
Etter baguettar og kaffe vart det så omvisning i grupper rundt om på fabrikkområdet. Her var det lett å sjå at PipeLife er ei stor og mangslungen bedrift, med store krav både når det gjeld teknologi, organisering og leiing.
Tekst: Eivind Halse
Foto: Helene Nergård