Pangstart på museet

På halvanna veke har tre hundre vore innom Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Frivillighetsfest, ungdomsbesøk, skulehistorie og kulturhistoria har prega dei flotte åpningsvekene.

Elevane viste interesse

Først hadde alle 9. klassingane ved Surnadal Ungdomskule møte med nærhistoria i det tidlegare ungdomshuset som har vore museum frå 1995. Frå skutemodellar, foto og fiskeutstyr tala gammeltida til ungdommane. Dei prøva både samedrakt, oljehyre og sildelodd og følgde godt med i timen. I bordkonkurransen med 20 spørsmål frå undervisninga var det både 19 og 18 rette. Vinnarane fekk kvar sitt museumskrus i premie frå Bøfjorden Historielag.

 

Frivillighetsfest

Førre fredag la kyrkjeetaten festkvelden for sine frivillige til museet i Bøfjorden. Seksti frammøtte fekk behørig takk for besøksteneste, song og annan innsats i kyrkjelydane. Diakonane Aud Brynhild Indset og Kirsti Hjørnevik bar fram helsingar, allsongen tona friskt og rømmegrauten smaka ypperleg.

 

Skulehistorie(r)

På første museumssøndag var rundt 70 til stades. Museet serverte middag og kaffe, og dagens tema "Bygda og skulen" gav tilbakeblikk på lokal skulehistorie frå 1700-talet. Ikkje minst dukka det opp skulehistorier av eldre og nyare dato. 100-årsjubileet for den private "Bølandets Folkeskole" vart også markert. På lerretet dukka det opp nostagiske og artige foto av skuleelevar og miljø.

 

Trodalen

Sist søndag stod "Markabruk og strandkultur" på plakaten. Turtips og kulturhistorie frå Bølandet til Flessastranda kom fram i historielagets biletserie. Terrengnamn og persongalleri frå Omnabukta via Brattkleppen og Lykkjå til idylliske Kleppnausta starta vandringa.

Særleg interesse var det for den nedlagde garden Trodalen, som både er eit populært turmål og ei historisk gullgruve. Her vart bonden drepen av Mannbjønnen på 1770-talet, her var skogsdrift, sagbruk og fiske viktig næring attåt gardsdrifta. Og her produserte dei takstein og andre skiferprodukt frå tidleg 1900-tal til rundt 1950. I arkivopptak fortalte Dagny Trodal Røsandnes om både bjønnen og steinarbeidet.

 

Mange bidrag

Frå salen deltok Ole Flessen, Odd Trodal, Sigurd Warmøy, Olav Joli, Bernt Vatten og Berhard Bøklep med interessante kommentarar til biletserien. Ole er eit leksikon i det meste om Flessastranda og Trodalen. Odd hugsa løypestrengen som førte råskiferen ned til anlegget på kaia og like eins onkel Fredrik si finurlege motordrift av sagbruket etter at vasshjulet og troa måtte skiftast ut. Bernhard skildra med humor kameraten som hang fast i brua over Tjyvåa og den trekkfulle losjien på skuleloftet i Flessa.

Avsluttande fjellfoto viste glimt frå markalivet, verdifulle seterbygningar og ikkje minst storslått natur som ein kan oppleva om ein tek turen frå Flessa, Stakkneset eller Bøkleppen opp til Bølia.

Med bortimot hundre menneske var museet fylt til siste stolplass.

Pangstart 01 (690x454).jpg
Niandeklassingane får innføring i sandfraktefarten frå Surnadal til Kristiansund. Gunnvald Bøe (t.v.) underviser.

Pangstart 02 (690x464).jpg
Ekte sildfiskarar: Ingebrigt (frå venstre), Anders og Kirsten.

Pangstart 03 (690x423).jpg
Desse hadde 19 av 20 rette på «eksamen» etter museumstimen og vann seg krus: Hanna (frå venstre), Elisa, Ine, Brit, Fride og Erika.

Pangstart 04 (690x521).jpg
Allsongen tona friskt på frivillighetskvelden.

Pangstart 05 (549x690).jpg
Jan Sturla Jensvold gav tonefølgje.

Pangstart 06 Tjyvåa FALLET RED Ukj Fotograf.jpg
Kjem namnet Tjyvåa av at elva ved Trodalen «stal» livet til to seterjenter som drukna? Eller betyr det Juv-åa? Uansett – mektig foss, med namnet «Fallet». Ukjent fotograf.

Pangstart 07 (690x462).jpg
Taksteinproduksjon ved skiferbrotet i Trodalen sist i 1940-åra.

Pangstart 08 (690x518).jpg
Steinbakken vitnar om strev for å bygge veg til å få heim markahøyet på Flessastranda.

Pangstart 09 (690x608).jpg
Stua frå markagarden Surendalsnes vart fråflytta på 1700-talet og seinare oppattbygd som seter i Nessadalen. Eit av kommunens eldste hus?


Innsendt av Bernt G. Bøe v/Bøfjorden Historielag/Sjøbruksmuseet