
Pangstart på innsamlingsaksjon
Pårørendeforeninga for Surnadal Sjukeheim har fått ein pangstart på aksjonen dei har sett i gang for å samle inn pengar til nye aktivitetar og formål. Innbetalingane har begynt å koma inn, og alt før dei fekk sendt ut giroar til bedrifter i kommunen, var Sparebank 1 på pletten med ei gåve på heile 10 000 kroner. Det vil, som tidlegare opplyst, koma ut giroar til alle heimar i kommunen, med unntak av dei som har reservert seg mot reklame. Desse vil likevel kunne støtte saka ved å gå inn på inforskrivet som er sendt ut til heimane her.
Representantar frå Pårørendeforeninga mottek sjekken frå Sparebank 1 SMN. Frå venstre Marit Foss, Borghild Husby Kvande, Mette Helen Mikkelsen frå Sparebank 1 SMN og Liv Botten. Foto: Privat