Påskestemning i Mo kyrkje
Elevar frå Mo oppvekstsenter deltok på Morgonsong i Mo kyrkje fredag 27. april. Dei eldste elevane las 3 påskelegender, medan 1. og 2. trinn gjekk i prossesjon inn saman med prest Vidar Rygh og pynta alteret med gule påsketulipanar.
Lysgloben vart pynta med påske- egg som var måla i alle fargar av elevar på skulen. Alle elevane song «Dine hender er fulle av blomster» og vi hadde ei fin stund i kyrkja med påsketonar!
Mo sokneråd minner om gudstenesta i Mo på palmesøndag kl. 11.00 , der 4- og 6-åringane i Mo sokn får utdelt kyrkjebok. VELKOMNE!
Alle foto: Kim Even Fiske
Høgtlesning av de eldste ungane ved Mo skule.
Påskepynt av dei eldste elevane ved Mo Skule.
Song med alle elevane ved Mo Skule.
Prest Vidar Rygh.