Påskesongmesse i Åsskard
"Heile påska i tekst og tonar" er innhaldet i langfredagens Påskesesongmesse i Åsskard kyrkje. Kor, dramagruppe, prest og organist leier vandringa i tema frå palmesøndag til påskemorgon. Påskemessa tek til kl. 19:30 og soknerådet spanderer kveldsmat.
Åsskard Kyrkjekor syng utdrag frå Handels «Messias» og Liszts «Via Crucis» forutan motettar av Elgar, Lallouette og Mozart.
Desse syng på messa: Nora Bøe (frå venstre), Astrid Hyldbakk, Kari Sæther, Kirsten Baadnæs Bøe, Inger Garthe, Randi Vetleseter Bøe.
Ei dramagruppe gir stiliserte framstillingar av Judas-sviket på skjærtorsdag, langfredagens «Jesu Sju Ord på Korset» og påskenattsmysteriet - det siste i pantomime til kontrasterande orgelmusikk av Johann H. Chr. Rinck.
Berit Anne Røkkum, Karen Oddny Gravvold og Mali Settem dramatiserer påsketemaet.
Etter messa byr soknerådet, som i fjor, på kveldsmåltid i Kyrkjestua.
Påskesongmessa i Åsskard er eit årvisst arrangement som gjerne samlar mange interesserte.
G. F. Handel pregar påskemusikken.
Mozarts "Ave verum" avsluttar påskesongmessa.