Påskesongmesse i Åsskard
Kvelden er ei tekstleg-musikalsk vandring frå palmesøndag til påskedag. Slik kan folk kombinere påsketur på dagtid med oppleving av høgtida sitt innhald.
Påska er rik på drama, kunst og musikk. Framfor Getsemane-tavla i Åsskard kan gripande pasjonsmusikk, rollelesing, symbolikk og tonande påskejubel utfalde seg i sitt rette element.
Festivalkvartetten, Sigrid Bøe (sopran) og Maria Nohr (alt) gir utdrag frå årets påsketurne med “Stabat mater” (Pergolesi) og “Rosamunde” (Schubert). Klassiske perler av Handel og Mozart blir sett inn i sin eigentlege samanheng (Åsskard Kyrkjekor). Rollelesing av “Jesu Kristi Sju Ord på Korset” er eit liturgisk høgdepunkt.
Søstrene Sigrid og Nora Bøe er solistar med kor, orgel (Margaret Rensvik) og strykarar i Joseph Haydns flotte Messe i F-dur. Den har preg av ein glad, ung komponist (17) og er Haydns første kjente verk.
Ikkje utenkjeleg at mange vil nynne melodistubbar ved kveldsmaten i Kyrkjestua etter messa!
Søstrene Nora og Sigrid Bøe er solistar i Haydn-messa.