Påskesongkveld i Åsskard
Påskesongmesse med god musikk og kveldsmat har vorte tradisjon i Åsskard kyrkje. På sein kveldstid skjærtorsdag inviterer sokneråd, prest, kor og solistar til vandring i tekster og tonar gjennom høgtida. Felles kveldsmat i Kyrkjestua avsluttar samlinga.
Fiolinistane Anders Larsen og Synnøve Hammervold spelar musikk av m.a. Mozart og Ole Bull og gir tonefølgje til Åsskard Kyrkjekor og Sigrid Vetleseter Bøe i påskemusikk av Handel, Elgar, Lallouette og Cesar Franck. Også Nora Vetleseter Bøe, Kristian Settem og Per Arne Hyldbakk har solistoppgåver. Sokneprest Bernt Venås leier dei liturgiske ledda i messa.
Sentralt i programmet står ei rykande fersk tonesetting av «Sju Ord på Korset». Dei klassiske Kristus-tekstene blir framført av kor, solistar og strykarar til tonestoff frå gregoriansk tradisjon og nordmørsk folkemusikk – samansett av organist Bernt Bøe. Fletta inn i verket kan ein høre melodistubbar etter bl.a. Ola Romundstad, Hallvard Nordheim, Jonas Kroknes, Edvard Torvik og Johan Aasgaard. Sigrid Bøe er evangelist, og koret syng Kristus-partia.
Tidspunkt for samlinga er sett til seinkvelden (kl. 21) – både for å framheve skjærtorsdagens bibelske særpreg, for at publikum kan få med seg påskekonserten i Todalen tidlegare på dagen og for å roe ned med kveldsmat i godt lag.
Innsendt av Bernt G. Bøe
Anders Larsen.
Synnøve Hammervold.
Sigrid Vetleseter Bøe.
Randi Bøe, Nora Bøe, Kirsten Baadnæs Bøe og Kari Sæther inviterer til både påskemusikk og kveldsmat.
Urframføring av ny påskemusikk - med innfletta nordmørske folketonar.