Av Bernt G. Bøe
Påskesong i Åsskard
Er påskemusikken ei skattkiste med lokket på? Juletonar og ”White Christmas” fengar alle. Men glømmer vi musikkskattane våre no i påsketida? Åsskard Kyrkjekor med gode hjelparar satsar på å avkrefte dette. Og med godt oppmøte på dei årlege påskesongmessene har ein lykkast bra. Skjærtorsdag kveld kl. 19.30 held tradisjonen fram.
Ideen er at folk skal «få med seg» både det kyrkjelege innhaldet i høgtida, klassisk musikk med påskepreg og kjære påskesongar.
Få med deg essensen!
Somme kyrkjer har aldri høgtidsgudsteneste og får eigentleg ikkje synge «Påskemorgen» og «Å salige stund». Dette prøvar Åsskard å erstatte ved årlege påskesongmesser som tekstleg-musikalsk «vandring» frå palmesøndag til påskemorgon. Dermed kan fastbuande og påsketuristar oppleve essensen av påskedramaets mørke og lys på ein kveld – med kunstnarleg uttrykk både i tekstframføring og musikkformidling.
Droppa ferieturen
Årets påskesongmesse byr på konsertmusikk, andakt og dramatisert formidling av sentrale påsketekster. Saman med kyrkjekor og solistar (Nora Bøe og Sigrid Bøe) deltek fiolinisten Trond Harald Saltnes og oboisten Ebba Ringmar. (Sistnemnte droppa påskeferien heime i Sverige for å vera med i Åsskard!)
«Todals-messe» og kveldsmat
Musikkperler av Bach, Britten, Mendelssohn, Handel og andre vil forsterke påskeopplevinga. Av tekstene står rolle-deklamasjonen av «Jesu Sju Ord på Korset» sentralt.
Sokneprest, kor og musikarar avrundar programmet med «Folketonemesse frå Todalen» som ei kort nattverdgudsteneste. Den består av nye korsatsar over religiøse salmetonar etter Ane Husby og Tomina Husby og livlege slåttar etter storspellmannen Hallvard Ørsal – alle frå Todalen.
Etterpå byr soknerådet på skikkeleg påskekveldsmat for alle!
Bildeserie: (Klikk bildene større!)