Påskekonsertar på Nordmøre
Påska er også tid for musikkoppleving! I årets stille veke kan nordmøringar nyte strengeklang og arier i Todalen og på Sunndalsøra skjærtorsdag og i Nordlandet og Tingvoll langfredag. Festivalkvartetten spelar med Sigrid Vetleseter Bøe som songsolist.
Kvartetten består av fiolinistane Alex Robson og Åshild Breie Nyhus, bratsjisten Anders Rensvik og cellisten Joakim Munkner. KKKK-Festivalen i Kristiansund produserer konsertane.
Festivakvartetten – her i Øye kyrkje i 2010. Frå venstre Alex Robson, Åshild Nyhus, Anders Rensvik og Hans Fr. Sjølin. Sistnemnte er i år erstatta av cellisten Joakim Munkner.
Musikkprogrammet er tilpassa Den Stille Veka. Samtidig varierer det klanglege uttrykket i ei gjennomtenkt blanding av kjent og uvant stoff. Vi hører gripande og vakre satsar frå Mozarts «Dissonans-kvartett», frå ein Beethoven-kvartett og frå Maurice Ravels mindre kjende «Kvartett i F-dur». Samtidskomponisten Arvo Pärt (Estland) let oss gjennom verket «Fratres» (Brør) høre at ny musikk også er vakker. Det gjeld i høgaste grad også konsertens finale – «Kvartettsats» av romantikaren Franz Schubert.
Sopranen Sigrid Vetleseter Bøe syng påskesongar av Mozart, Vivaldi og Faure.
Sigrid Bøe syng Mozarts Golgata-motett «Ave verum corpus» (Ver helsa, sanne lekam) forutan satsar frå «Gloria» av Antonio Vivaldi og frå «Requiem» av Gabriel Fauré.
W.A. Mozart (1756-1791) – med strykekvartett og pasjonsmotett.
Spennande samtidskomponist – estlendaren Arvo Pärt (fødd 1935).
«Den røde prest» Vivaldi (1678-1741) komponerte tidenes mest populære «Gloria».
Det blir fire påskekonsertar på Nordmøre:
Todalen kyrkje skjærtorsdag 17. april kl. 16.00
Hov kirke, Sunndalsøra, skjærtorsdag 17. april kl. 20.00
Nordlandet kirke, Kristiansund, langfredag 18. april kl. 17.00
Tingvoll kyrkje langfredag 18. april kl. 20.00
Tekst: Bernt Bøe