
Pårørendeforeninga treng pengar
Pårørendeforeninga ved Surnadal Sjukeheim treng pengar for å fortsetje med eit arbeid mange eldre nyt got godt av. Foto: Norunn Holten
Gi oss ei førjulsgåve! oppfordrar Pårørendeforeninga for Surnadal sjukeheim. Dei sender i desse dagar alle husstandar eit informasjonsskriv med innbetalingsgiro, der dei oppfordrar alle om å bidra med støtte til foreninga. Det er store innkjøp denne sommaren som gjer at det no er nesten tomt i kassa til foreninga. Det har vore kjøpt inn tv, radioar, salong til L1, og det er gitt pengegåver til alle avdelingar slik at dei har fått gjera eigne innkjøp. I tillegg til inventar og anna nødvendig utstyr jobbar også styret i pårørendeforeninga jamnleg med å skaffa underhaldning til sjukeheimen, og minst ein gong kvar månad er det dans i peisestua. Dei som vil lesa enda meir om det arbeidet foreninga gjer, kan klikke her, så kjem du direkte til infoskrivet som no blir sendt ut.
Sjølv om skrivet i prinsippet er sendt ut til alle husstandar, kjem det ikkje i postkassen til alle. Dei som har reservert seg mot reklame, får det ikkje. Desse kan gi ein slant til ei god sak ved å bruke gironummeret 4040.13.05035.