På veg mot Drømmen

Torsdag kveld kunne ei stolt og rørt Mali Evjen frå Rindal ta imot Drømmestipendet på kr. 10 000 frå Norsk Tipping og Norsk Kulturskoleråd for arbeida sine i visuell kunst. Ho er den fjerde kulturskoleeleven frå Rindal som får Drømmestipendet.

Torbjørn Larsen og Mali EvjenIMGP4505_690x457.jpg

Rektor ved Indre Nordmøre Kulturskole Torbjørn Larsen, var stolt over å kunne presentere nok ein vinnar av Drømmestipendet til ein av elevane ved kulturskolen. Tidlegare har det vore vinnarar både frå Halsa, Surnadal og Rindal. Rindal har hatt tre vinnarar før.

Lone Lorgen IMGP4495_690x459.jpg
Ei av desse, Lone Lorgen, som fekk Drømmestipendet for 4 år sidan, gledde oss med vakker song.

Lone Lorge IMGP4498_690x459.jpg
Songane Lone Lorgen framførte  under minikonserten var:

Finest hour av favoritten hennar, Gavin De Graw, You need me, I don’t need you – med veldig ordrik og kjapp tekst av Ed Sheeran og The A-Team – også av Ed Sheeran. Den siste var den ho sendte inn til juryen da ho vann Drømmestipendet.

Magnar Dalsegg og Mali Evjen IMGP4507_690x457.jpg
Varaordførar Magnar Dalsegg var først framme. Han hadde rosande ord og gode oppfordringar til den unge kunstnaren og æra ho med diplom og flott blomster.

Edvin Eriksen med sjekken og Mali IMGP4517_690x457.jpg
Sjekken, det synlege beviset på Drømmestipendet, vart overrakt av rådgjevar i Norsk Kulturskoleråd Møre og Romsdal Edvin Eriksen. Han er også rektor for kulturskolen i Gjemnes. Han fortalte at Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tipping er med på å dele ut 100 Drømmestipend kvart år. Totalt har dei delt ut 13 millionar til unge kunstnartalent!

Inga og Mali IMGP4524_690x460.jpg
Inga Dalsegg har vore læraren til Mali, og ho hadde eit kort intervju med Mali. Ho skildra Mali som ei stille og beskjeden jente.

-  Same kva eg bad ho om å prøve, så gjorde Mali det – i 6 år! Sa  Inga.

Det gav henne ei rivande utvikling, og Mali lærte seg å beherske fleire teknikkar, noko utstillinga i vestibyla på Rindalshuset viser.

Utstillinga er open til 29. mai og kan anbefalast!

Teikning og maling er einaste hobbyen Mali har, og Drømmestipendet betyr ei solid anerkjenning for henne.

Neste steg på Drømmestigen for Mali er animasjonslina ved Høgskolen i Volda. Trollheimsporten ser fram til å kunne presentere den første animasjonsfilmen hennar!

Idun Røen Mali Evjen Lone Lorgen IMGP4540_690x460.jpg
Dagens Drømmestipendvinnar flankert av Idun Røen fra Surnadal (t.v.) og Lone Lorgen som tidlegare har vunne dette stipendet.

Mali IMGP4520.jpg
Mali Evjen vere stolt av å ha vunne Drømmestipendet!

Du kan lese "søknaden" til Mali her!

Mali og Inga IMGP4546_690x457.jpg
Mali og Inga med noko av kunstutstillinga i bakgrunnen.

IMGP4544_690x457.jpg

Sjå fleire av dei 22 bilda i vestibylen på Rindalshuset fram til 29. mai, og sjå to av dei her og ved å klikke her. 

Trollheimsporten hadde tidligere i vår dette oppslaget (klikk her) om "Street Art" der Mali er med.

IMGP4554_690x457.jpg

 

Mali spretter kaka IMGP4551_690x457.jpg
Ein glad Drømmestipendvinnar sprettar Drømmekaka!

Inga med overraskelse IMGP4534_690x662.jpg
Mali overraska læraren sin med blomsteroppsats i raud høghæla sko, noko som tyder på god kjennskap til Ingas preferanse!