På tur i ”gaupeterreng”
Fredag 2. mai skulle stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Brøskjehagen i Stangvika. Om morgonen vakna vi til kald vind med snøvèr, og det spøkte for at i dag ville ingen møta opp. Men etter kvart letta snøvèret, og i eitt-tida, da vi starta marsjen, var det 18 glade vandrarar som la i veg utover mot Brøskjehagen. Her i Stangvika var våren komen langt, med grøne ekrer og blomstrande frukttre.
I Brøskjehagen var vi så heldige å få Else Margrete Haugen til å fortelja om gaupa ho hadde hatt på besøk for ein månad sidan. Ho viste oss nokre av dei flotte bilda ho hadde teke av henne på berre 20-30 meters avstand. Ein gong fekk Else Margrete tilmed teke bilde av henne medan kveldsola skein!
Etter kvart strøymde det på med ivrige naturfotografar, som òg håpa å få eit bilde av det vanlegvis sky rovdyret, og som kom attende kveld etter kveld.
Vi avslutta turen med kaffepause i gapahuken ved Svissholmen.
Her er noen bilder fra turen:
Våren var alt komen langt på Brøskja. Dette kirsebærtret har lenge stått i full blomst.
18 glade vandrarar i bakken opp mot Skaråkeren.
”Sjå kor grønt det er her!” sette dei i å ropa.
”Der stod gaupa”, seier Else Margrete Haugen og peikar.
Gaupa leitar etter rådyret som ho hadde drepe natta før. Med det var alt fjerna så Lars Olav Lund skulle få sjå bitemerka.
Dagen etter hadde Ivar Melkild lagt rådyret på plass att. Her ligg gaupa og et medan Else Margrete får mange fine blinkskot med kameraet sitt.
Ola Halle, Randi Sogge, Reidunn Halle og Jorunn Ness på tur attende til Brøskja.
I gapahuken på Svissholmen. Bjørg Bruset skjenkjer i kaffe. Vidare rundt bordet sit Per Bruset, Gunnvor Sæter, Anders Sæter, Anne Marie Ranes, Svein Ranes og Sigrun Ørsal.
Kaffepause i gapahuken.
Trass i det sure vèret valde Brit Nordvik og Jorunn Ness likevel å ta matpausen under open himmel. På andre sida av fjorden ser vi over til Neslandet.