På rundtur i Åsskard
Ein opplagt gjeng frå Slektsforum for indre Nordmøre brukte laurdagen til ein rundtur i det som fram til 1965 var Åsskard kommune. Turen starta på Åsskardhøgda og gjekk ein svipptur ut til Flessa før han gjekk vidare innover til Bæverfjorden og oppover til Bøverdalen der Øygarden og Svorka var hovudattraksjonar. Slektforskarar støyter på mange ulike stadnamn i arbeidet sitt, og turar som dette gir liv til stadane som dukkar opp i gamle dokument. Sjå bilde frå den trivelege turen ved å gå inn i saka.
Det vart ein lang, men triveleg og lærerik dag for gruppa som deltok på turen i regi Slektsforum for indre Nordmøre. Eistein Bæverfjord og Lars Magnar Bævre hadde begge sporty stilt opp som kjentmenn- til glede for deltakarane på bussturen. Dei både informerte og underheldt, og emna var alt frå fakta om noverande og tidlegare bustader til artige historier og kulturhistorie knytta til plassane. Alt dette vil naturleg nok gjera forestillinga om stadane meir livaktig for dei som driv med slektsforskning når dei seinare dukkar opp i kyrkjeboker og andre gamle dokument. Og da er vel målet med turen nådd? Ta ein titt på bilda frå turen under!
Alle foto: Lars Gudmund Røen
Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!