tp_leserinnlegg_valg2019

På lag med Annett

"Øvst på ei god og variert liste av kommunestyrekandidatar frå Surnadal Arbeiderparti står Annett Ranes, og at akkurat ho har førsteplassen, er eg veldig glad for.", skriv Jorid J. Aarvåg, 3. kandidat for Surnadal Ap ved kommunestyrevalet, i dette lesarinnlegget.

Annett er ein sterk ordførarkandidat. Ho er kunnskapsrik, strukturert og samlande, med eit stort engasjement for Surnadal som samfunn. Annett er uredd på alle vis: Ho er ikkje arbeidsredd, ikkje redd for å stå fremst, ikkje redd for å stå i stormen, og ikkje redd for å vise kjensler. Eg har stor respekt for Annett som menneske. Eg ser kor godt ho har funne rolla si som frontfigur og forbilde for kandidatgruppa i partiet, og som ein ordførarkandidat som møter innbyggarane i bygda på ein flott måte på ulike arrangement.

Ordførarkandidaten vår har ikkje hatt fast plass i kommunestyret før, men den politiske erfaringa hennar er likevel brei. Ho har hatt fleire styreverv i Surnadal Ap, har møtt jamt i kommunestyret og utval som vararepresentant i den siste perioden, og ho har også vore hovudtillitsvalt i sjukepleiarforbundet. Ho har dessutan jobba hardt for å sette seg inn i saker ho tidlegare har vore ukjent med, for å gjere seg sjølv så godt rusta som mogleg til valkamp og kommunestyrearbeid i neste periode. For slik er Annett – ærekjær og metodisk, og opptatt av å alltid levere det beste resultatet ho kan.

Annett jobbar som oversjukepleiar i heimetenesta i Surnadal kommune, noko som har gitt henne god erfaring som leiar. I tillegg har ho ei 20-prosentstilling i IKT Orkidé, og har hatt ulike prosjektstillingar i interkommunale samarbeid. Annett er ikkje redd for å ta ansvar, og det viser ho utanfor jobben også, der ho har gjort seg bemerka som ein sterk bidragsytar til frivillig arbeid i Surnadal, særleg i idretten. Ho er arrangementsansvarleg og styremedlem i Surnadal IL fotball, har vore leiar av barne- og ungdomsavdelinga i same lag i fleire år, og sit som sekretær i idrettsrådet. Gode vilkår for dei som driv med frivillig arbeid er ei av hjartesakene hennar.

Hjartet til Annett famnar i det heile tatt vidt. Ho har viser stor medkjensle og omsorg, er varm og smilande, og har nok eit spesielt godt blikk for dei i samfunnet vårt som treng vår støtte aller mest. Når du i tillegg legg til at ho har stor arbeidskapasitet, evne til å tenke strategisk og analytisk, og ikkje er redd for å ta tøffe avgjerder, så er det ingen tvil om at Annett har kvalitetane som skal til for å styre Surnadal.

«På lag med Annett» står det på t-skjortene vi i Surnadal Ap har levd i dei siste månadene. Det er eit godt lag å vere på.

Eg håpar du vil vere med på laget, og gir di stemme til Arbeiderpartiet på valdagen.

Godt val!

Jorid J. Aarvåg
3. kandidat for Surnadal Ap ved kommunestyrevalet

 

annett ranes foto mari næss bolme for surnadal ap.jpg
Annett Ranes, ordførarkandidat for Surnadal Ap. Foto: Fotograf Mari Næss Bolme.