Ingebjørg og Frode kaia

Konsert med Ingebjørg Loe Bjørnstad og Frode Haltli

På Hammerstuene 28. februar

Songaren Ingebjørg Loe Bjørnstad platedebuterte i mai 2013 med eigne låtar på det personlege albumet HÆM. Den internasjonalt anerkjende trekkspelaren Frode Haltli, med røter frå Haltlia i Rindal, spelar på plata.

I musikken kan ein høyra referansar til viser, folkemusikk og soul, og tekstane handlar til dømes om sakn, venskap og håp.

HÆM vart svært godt motteke i pressa, og Roald Helgheim i Dagsavisen skreiv mellom anna dette:

”Til tekstar på kav dialekt frå Surnadal har ho skrive eigne songar som ho og Frode Haltli på trekkspel framfører så mjukt, så sitrande vakkert, skirt og reint at eg med Vinje stemmer i at "her er så vent at det kan meg grøta, sjølv om eg er vaksen kar".

No turnerer Ingebjørg og Frode med songane frå HÆM, og den 28. februar spelar dei konsert på Hammerstuene i Surnadal! Konserten startar kl 20.30, og buffeten blir servert frå kl 19.00.

Hammerstuene serverer nydeleg mat denne kvelden, og det er mogleg å kjøpa konsertbillett inkludert buffet for ein rimeleg penge. Buffeten blir servert i forkant av konserten.

Ingebjørg budde i Surnadal att i to år som vaksen etter å ha flytta derifrå som femtenåring. Mange av songane på plata er laga i Surnadal, og Ingebjørg gler seg veldig til endeleg å få spela desse låtane på staden ho kallar HÆM!

HÆM vart gjeve ut på plateselskapet Øra Fonogram, og turneen er støtta av Fond for utøvende kunstnere og Kulturrådet.

 

Hør en smakebit fra plata: 01 Håp.mp3.

Foto: Kjell Gunnar Polden