Zafar Anjum

Oversøking på VG1 bygg- og anleggteknikk

Arkivbilde.

 
Då søknadsfristen gjekk ut 2. mars, hadde 3.808 ungdommar søkt om skuleplass på VG1 i Møre og Romsdal. Yrkesfaga har ein auke på sju prosent med helse og oppvekstfag og teknikk og industriell produksjon på topp. 

Yrkesfag viser seg å vere veldig populært i Surnadal óg. Ein stor andel av søkarane ved Surnadal vidaregåande skole har søkt på yrkesfag. Blant anna viser det seg at det er oversøking på VG1 bygg- og anleggteknikk, noko som tyder på at det er eit veldig populært tilbud som mange set pris på at skulen fekk behalde.  

Her er søkartala: https://mrfylke.no/nyheiter/kva-utdanningsprogram-er-mest-pop-paa-vidaregaaande-skole?fbclid=IwAR2EGnkb2xFromSkiLHlOXUMLMeg4PBvGEXYqGCq0bu4rUhOip22bjvbur0

Søkjartal Surnadal vgs 2020 Foto mrfylke.no.jpg
Bildet fra mrfylke.no viser tala for Surnadal vgs.​

Bygg- og anleggteknikk er eit tilbod Surnadal vidaregåande skole i utgangspunktet ikkje fekk behalde. Det kan du lese meir om her.

Deler av tekst er hentet fra mrfylke.no.