orkide ordfører og rådmannskollegiet_300x110

ORKidè krev eit solid landbruksoppgjer

Ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre (ORKide) er oppteke av at årets jordbruksforhandlingar skal gje eit godt resultat for bonden. Landbruket er ein svært viktig aktør og verdiskapar i lokalsamfunna våre, både i kraft av seg sjølv, og med dei ringverknadane som landbruket gjev. Det skriv ordfører og rådmannskollegiet for Nordmøre i ein uttale.
 

ORKidé meiner det er viktig at vi følgjer opp Landbruksmeldinga, der Stortinget i 2011 slo fast at vi skal auke matproduksjonen i takt med folkeveksten. Skal vi nå dette målet, må vi sørgje for at bøndene får auka inntekter og moglegheiter til å investere og produsere for framtida. Årets oppgjer handlar ikkje berre om bonden si inntekt, det handlar om tilgangen vår på trygg og nok mat for eiga befolkning, og vårt ansvar for å utnytte eigne ressursar, og ikkje legge beslag på meir areal i andre delar av verda.

I mange av grendene i heile regionen er talet bønder og gardsbruk nede på eit kritisk nivå, og når det berre er eit eller to gardsbruk att i fleire av bygdene våre, blir landbruket særs sårbart. Dette er viktige område for busetting, kulturlandskap og reiseliv, og som krev særskilde virkemiddel. Det må vere plass til ein variert bruksstruktur, tilpassa naturgjeve forhold.

Skal landbruksnæringa overleve inn i framtida er vi avhengige av rekruttering. Ein stor del av våre bønder nærmar seg pensjonsalder, og vi er uroa over mangel på rekruttering. For at ungdom skal velje ei framtid i landbruket må dei kunne føle seg trygge på at deira investeringar og vil vere lønsame inn i framtida, og auka inntekt er grunnleggjande for dette.

Vi opplevde i fjor eit brot i forhandlingane, og ORKidé meiner at vi i år er i eit skjebneår. Vi meiner tilbodet 7.mai bør vere på eit slikt nivå at ein unngår brot.
ORKidé meiner at årets oppgjer må legge til rette for at bonden skal ha gode vilkår for å drive matproduksjon i Noreg!

Kristiansund 3.mai 2013

Vennleg helsing Ordfører og rådmannskollegiet på Nordmøre- ORKidé

Mons Otnes
leder

orkide ordfører og rådmannskollegiet.jpg