
Opprusting av Moavegen
Arbeidet med opprusting av Moavegen på Skei har no kome godt i gang. Kjørevegen vi bli forsterka og nyasfaltert. - Det vil og bli bygd nytt fortau på strekninga, som dei mjuke trafikantane vil ha stor glede av. Sjølv om det i periodar kan vere litt ”kaotisk”, vil adkomst til legesenter, ambulansestasjon og fysioterapeut vere open under heile byggeperioden. Alt arbeid skal vere ferdig til 1.september i år, og vi håpar på eit godt samarbeid med bebuarar langs vegen og andre brukarar, skriv Surnadal kommune på si heimeside.