Elfar Logi Hannesson_1024x683

Opplagt Gisle Sursson opna Vårsøghelga

Den prislønna, islandske skodespelaren Elfar Logi Hannesson ga publikum eit forrykande einmannsshow da han i ettermiddag tok Gisle Sursson heim til Surnadal igjen. Omlag 40 menneske hadde møtt fram på låven i Oppistua på Øyamoan for å gjenoppleve den dramatiske livshistoria til kanskje tidenes mest kjende surnadaling, og dei fekk valuta for pengane.Tilskodarane vart møtt av ein eineståande artist som gjorde livshistoria til Gisle Sursson levande gjennom på imponerande vis å spela samtlige roller i framsyninga- alle med like stor innleving-, og gjennom enkle, men effektfulle rekvisittar.

Elfar Logi Hannesson_715x477.jpg

Elfar Logi Hannesson fortalte historia til Gisle Sursson med stort engasjement. Alle foto: Norunn Holten

Elfar Logi Hannesson starta med å overrumple publikum med spørsmålet om kva språk forestillinga skulle framførast på- islandsk eller engelsk- og i forfjamsinga vart det svara islandsk……  Dermed fekk nok ein stor del av publikum problem med å henge med på handlinga frå starten av, inkludert den delen av historia som går føre seg i Surnadal. Da Hannesson etter ei stund skifta til engelsk, vart det lettare å følgje med i handlinga, og humoren i stykket kom også meir til sin rett. Til tross for at det var vanskeleg å hengje med i starten, var det likevel ei oppleving å høyre forteljinga på islandsk, som nesten må kunne kallast originalspråket for denne oppsetninga. Mimikk og kroppsspråk spela dessutan ei stor rolle i denne komedia, som moderniserer den tradisjonelle historia ved å føre fortid og notid saman på elegant vis. Vi fekk møte helten Gisle som har få likemenn når det gjeld fysiske prestasjonar, men som og er både kløktig, slu og ein god skodespelar. Slik overlever han heile sju år som fredlaus på Island, ein prestasjon som visstnok ingen annan har gjort han etter.

Tilhøyrarane på Øyamoan fekk ei verdifull påminning om at vi i Surnadal har ei unik historie vi tek alt for dårleg vare på. Vi gløymer også så alt for lett at ingen kan dra tilbake til 1200-talet og skrive-om den historia. I Gislesoga vil det nemleg til evig tid bli fortalt om surnadalingen Gisle og dei heltemodige handlingane hans både i heimbygda og på Island. Forestillinga var dessutan eit eksempel på at gamle historier kan fornyast, noko vi trauste surnadalingar kanskje også kan trenge ei påminning om…?

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

Elfar 1_6594_1024x683
Elfar2_6595_1024x683
Elfar3_6612_1024x1536
Elfar4_6630_1024x1536