Opp til 4 - 5 fotballkampar er krevande
Det yrte av liv på grasbana i Rindal sentrum søndag! Med omgangar på 20 minutt spela lag frå Surnadal, Rindal og Meldal ei lang rekke kampar, og publikum møtte talrikt opp.
Deltakarane var frå 6 - 12 år.
Trollheimsporten har bilde frå ein del av laga og kampane. Deltakarane tok imot medaljene sine til applaus og med stor jubel. Publikum kosa seg i det fine haustveret. Dei tok seg god tid, og ved kiosken var køen til tider lang. Alt i alt ein velluka dag!
Rundt 40 lag med ca 200 spelarar var i aktivitet utover dagen, og alle hadde tid og krefter til å juble over medaljane sine!
Både unge og litt eldre deltok i speakerteneste og sekretariat.
Her er bilde av nokre av laga. Klikk på bilda og sjå dei større og som bildeserie!