Opp & ut:
Open gard i Torvika
Garden Oppistua i Torvika var sundag vertskap for open gard. Her kunne både små og store sjå å ta på mange forskjellige dyr som bur på garden!
Rundt 50 born og vaksne hadde teke turen til Oppigard denne sundagen. Her var det aktivitetar for borna, som t.d. ansiktsmåling, bogeskyting, trampoline og ponniridning medan dei vaksne kunna finna ein skugge å kosa seg med ein kaffekopp. Vèret var på arrangøranes side med god tempratur og tidvis sol frå klår himmel. Ein fin dag for både firbeinte og tobeinte med andre ord. Vertinna på garden, Nina Torvik, kunne fortelje at dette er eit av tilboda opplevelsesfirmaet "Opp & ut" arrangerar. - Dette er ikkje det som er hovudgeskjeften til bedrifta, men det er artigt å sjå at folk kosar seg med dyra og godvèret, seier ho. - Vil skyta inn at det er mogleg for både firmaer, lag og organisajonar, og elles andre som ønskjer å få skreddarsydd ei opplevingspakke på garden. Vi lagar eit opplegg for dei som ønskjer det, så det er berre å ta kontakt, avsluttar ho. Nina kunne òg fortelje at det var mange born og ungdom som hadde meldt seg til å vera med å hjelpa til denne dagen, noko ho tykte var svært gledeleg. Til slutt nokre billedlege inntrykk frå dagen:
Ansiktsmåling var populært!
Øystein Lysø hadde oppdraget med å vera klovn! Her i ein pause i klovneriet.
Bogeskyttar Hogne Frøyen Torvik spenner bogen og pila satt midt i blinken!
Geitene var snar til å møta opp når "matmor" Nina Torvik skrangla med pellets-bøtta. Dei skulle eigentleg ha vore på setra no, men dei ville ikkje opphalde seg lenge om gongen der før dei kom heim att. Nina mistenkjer gaupa i å vera den som gjer at geitene kjem springande heimatt.
Ein av dei minste glyttar inn til geitene.
Ponniridning var populært blant borna.
Hesten står og betraktar gardstunet frå innhengninga si. Han tenkjer vel at her var det mykje til oppstandelse!
To små og grisane!
Opp & ut er medlem av Trollheimsporten
Stor takk til Rune Isvik som bidrog med nokre flotte bilder til artikkelen!