Leserinnlegg _200x200

Ein liten kommentar til enkelte avisinnlegg av Eivind Hasle

Om terror og fortolking

Fleire avisinnlegg i det siste viser at det for enkelte er viktig å vinne fram med si forståing og fortolking av terrorhandlingane i sommar. Dordi Skuggevik Tande (DST) skriv stadig om ”attentatet mot Arbeiderpartiet 22/7” (jf Driva og TK 16/9), og Reidun J.Husby er i TK 20/9 sjokkert over det som har skjedd rundt Kleivaprisen 2011 og som etter hennar meining burde tilseie ”en offentlig unnskyldning til den det gjelder”, dvs. DST.


Til dette kan seiast :


a) Det var  DSTs innlegg i lokale og regionale media 25/7 som utløyste reaksjonane både lokalt og regionalt (jf m.a. Adresseavisen). DST er ein god og spennande og vidtfemnande skribent, men synspunkta og personkarakteristikkane hennar er av og til såpass utrulege og krenkande at ho (og hennar vener) ikkje kan vere overraska over at dei utløyser reaksjonar. Slik sett oppfatta folk flest innlegget hennar av 25/7 om terroråtaka på regjeringa og på ungdomsleiren på Utøya som svært sårande og malplassert. Desse åtaka vart av dei fleste  – nasjonalt og internasjonalt - ikkje oppfatta som eit (forståeleg og legitimt?) angrep på Arbeiderpartiet, men som eit eineståande vondsinna og brutalt angrep på det norske samfunnet og styringssystemet.

 

b) Samtidig kan det og seiast at synspunkta til DST var svært langt frå det samfunnssynet og verdigrunnlaget Hans Hyldbakk sto for. I kva grad det skal vektleggast i tildelinga av ein pris finansiert  av Hyldbakk-pengar, kan det sjølvsagt vere ulikt syn på. Dei fleste vil sikkert likevel vere nokså romsleg her. Men det vil i alle fall vere svært uheldig om Kleivaprisen skal bli svekka som ein attraktiv heiderspris i lokalsamfunnet fordi prisvinnaren blir oppfatta som alt for kontroversiell – på ein negativ måte. At det finst ”objektive” kriteriar for ein slik pris til ein person, trur eg det vil vere vanskeleg å finne dekning for.


Eivind Hasle