tp_leserinnlegg

Om opne dører og Ap-hjelp til Høgre

Høgrefolk på Nordmøre appellerer til AP-folk i Trøndelag om å gjere meir enn å ha opne dører for å endre på fylkesgrensene mellom Trøndelag og Møre og Romsdal. For ifølgje Adresseavisen 11/4-2016 og Høgretoppane er «språk- og kulturforskjellene (i M&R) for store.»

Det fortel mykje om perspektiva i blåblå integrerings- og inkluderingspolitikk!

Men for oss som bur i Møre og Romsdal er det no viktig å ha i mente:
a)    at det er samanheng mellom dei såkalla «reformene»: kommunereformen og regionreformen
b)    at Møre og Romsdal i dag står i valet mellom framleis å bestå som eige fylke – med god gjennomføringskraft til dei arbeidsoppgåvene regionane så langt er tiltenkt, eller å blir strekt og «partert», av sentraliseringskrefter mot Bergen i sør, og mot Trondheim i nord
c)    at framlegga om store regionkommunar rundt byane (Ålesund, Molde og Kristiansund) berre er eit steg på vegen mot endeleg avvikling av fylkesnivået, som både H og FrP i mange år har uttrykt som eit endeleg mål
d)    at framlegg frå enkelte nordmørskommunar om overføring til Trøndelag er eit steg til støtte for regjeringa, og eit steg som neppe vil vere ei styrking av dei felles nordmørsinteressene i politikken, og slett ikkje for folkestyre-innverknad i den lokale og regionale samfunnsutviklinga.
e)    at framlegga om nytt inntektssystem for kommunane og om tidfristar i reform-prosessen vitnar sterkt om «tut og køyr»-holdninga som no styrer samfunnsutviklinga frå dei såkalla konservative partia (jf konservativ, frå conservare = bevare). Samtidig blir det gløymt at vi i dag legg korta for eit styringssystem som skal vere «berekraftig» minst 50-60 år framover. Kor mange gonger er ikkje dei økonomiske vilkåra for kommunane endra sidan 1964?

Det er trist å registrere slik systematisk ned-rigging av folkestyret som no skjer berre to år etter jubileumsmarkeringa for 1814-grunnlova!

Eivind Hasle
Trønder med butid på Sunnmøre (11år), i Romsdal (21 år) og på Nordmøre (8 år)