
OM KULTUR OG KUNNSKAP
”Når eg høyrer ordet kultur, trekker eg pistolen min”, er eit kjent Goebbels-sitat. I vårt samfunn lukker enkelte parti heller lommeboka. Fremskrittspartiet synest no t.d. ha gjort det til ei valkampsak å privatisere folkebiblioteka. Ikkje berre Frp-ungdommen, men også leiaren i Oslo Frp har kravd privatisering og betaling for bibliotektenester. ”Gratis bøker er ingen menneskerett”, heiter det på Frps nettsider.
Det er ei holdning som fortel mykje både om kultursyn og holdningar til kunnskap og til fellesskapets oppgåver - men godt i tråd med Frps ideologi og budsjettframlegg. Historielaust, kulturfientleg og fordummande er det og. Folkebiblioteka har røter tilbake til opplysningstida og til folkeopplysarar som Henrik Wergeland og Eilert Sundt. I vårt fylke var bonden og folkeopplysningsmannen Sivert Aarflot i Volda rundt 1800 ein enda tidlegare pioner, med prenteverk, lokalavis og folkeboksamling.
Men skal Frp få frigjort midlar til ”lavere skatt for de dannede klasser”, er det sjølvsagt både unødvendig og ei hindring å satse på kultur og kunnskap ! Og det enda alle dei andre nordiske landa både ser seg råd til og ser det som nødvendig for eit kunnskapssamfunn å ha ei langt sterkare prioritering av bibliotek, lesestimulering og folkeopplysning enn vi har i vårt land !
Eivind Hasle
Surnadal SV