Ole Stensby

Ole Stensby på SV si kandidatsamling

Surnadals SV sin førstekandidat Ole Stensby deltek på samling på Gardermoen saman med SV-kandidatar frå heile Noreg.

Ei inspirerande samling der nestleiar i SV, Kirsti Bergstø, starta med å setje liv i kandidatane, ved bl.a. å ha fokus på velferdstenester for dei mange, ikkje for dei få. Dette gjorde ho for eksempel ved å snakke om kor viktig det er med heiltidskultur i velferdstenestene.

Ole Stensby er inspirert og klar for valkamp og kommunestyrearbeid i Surnadal.

- Vi kan sjå følgjene av den blå-blå politikken: aukande forskjellar, svekking av faglege rettar, ein forfeila klimapolitikk, sentralisering og privatisering på stadig fleire område, seier han.

- Det hastar med å stanse denne utviklinga, og vi i Surnadal er klare! Surnadal må også i framtida vera ein attraktiv plass å bu, og da treng vi arbeidsplassar og lærlingeplassar, slik at unge folk kan bu og jobbe i kommunen. Vi må styrke eldreomsorga, slik at alle eldre får ein verdig alderdom. Det siste året har det vore kutt i antal sjukeheimsplassar i kommunen, noko Surnadal SV er ueinige i. Eit av virkemidla for styrking, er å jobbe for heiltidskultur i kommunen. På den måten vil ein også sikre levekåra for helsefagarbeidarar i tenesten. Dette vil eg setje fokus på i valkampen.


Bildet: Ole Stensby og Kirsti Bergstø (Foto: SV)