Ole Mauseth i Indre Normøre Senioruniversitet
Styret i Indre Nordmøre Senioruniversitet har lagt planar for 2015, og vil halde fram med 2-3 møte i halvåret, og gjerne kombinert med eit bedriftsbesøk.
Men første møtet i 2015 vil vere på Kulturhuset i Surnadal alt 14.januar. Då vil det bli gjennomført eit kort årsmøte, med vanlege årsmøtesaker. Men først og fremst er møtet avsett til bilethoggaren Ole Mauseth. I vår vart den 4 meter høge bronsestatuen hans ”Laksefiskar” sett opp rett utanfor Kulturhuset og avduka under kongebesøket. Etter kvart har han laga mange kunstverk som finst rundt om både i Surnadal og andre stader. Det blir interessant å få innblikk både i arbeidsmåtane hans og i tenkinga hans bak dei ulike arbeida og kunsten generelt.
EHA