Olav Melkild til minne
Med bortgangen til Olav Melkild har Stangvik mista ein sjeldan forkjempar for bygda og fellesskapet. Han vart 78 år gammal, og gjekk bort altfor tidleg. Olav hadde enno så mykje å gje, med eit pågangsmot, ein energi og ei arbeidsglede som både smitta og imponerte.
Mange kjente Olav som forpaktar og seinare eigar av prestgarden. No er det nokre år sia han og Elsa leverte garden over til neste generasjon, men han var likevel dagstøtt å sjå i traktoren – på veg til enda ein rundball, enda eit lass med ved, enda ein dugnad. Pensjonist var han berre i teorien.
Olav Melkild var mannen som aldri sa nei. Han stilte på alt som fanst av dugnadar og felles tak, han tok på seg verv i grendalaget, han hjelpte nykommarar i bygda, og alt dette kom på toppen av ein lang og hard arbeidsdag.
No når han er borte ser vi det brått så tydeleg: Det finst ikkje mange som Olav lenger. Heidersmannen Olav Melkild sette spor etter seg som blir ståande. Stangvik Grendalag minnest i respekt og takksemd ein mann som viste oss alle kva verdiar som finst i ordet «sambygding».
For styret i Stangvik Grendalag
Bjørn Kristian Brøske
Svein Sæter