Picasa

Stanvikgardingen som vart kanadisk skikonge

Olaus Jeldness i sentrum i Bondehuset

I januar i år vart statua av stangvikgardingen Olaus Jeldness avduka i byen Rossland vest i Canada. Ei gruppe surndalingar var tilstades under avdukinga av den 4 meter høge statua under årets vinterfestival, den 116. i rekka. Sjå meir i denne artikkelen på Trollheimsporten.

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298482.1537.xdddxyprca/1-IMGP0228.jpg
Svein Sæter i samtale med Roly Worsfold

Organisasjonen Spirit of Red Social Club tok initiativet til statue av Olaus Jeldness i Rossland. Roly Worsfold er president og initiativtakar til dette. Dei gjorde det fordi dei meiner at Rossland kan takke Olaus Jeldness for alt. Se denne nettsida og hør radiointervjuet med Roly Worsfold.

 

Rossland er ein liten kanadisk by med 3000 innbyggarar. Den er bygd opp som gullgruveby, og no er det vintersportsby med terrengsykling om sommaren. Rossland fekk første alpinanlegget sitt i 1947. No er det mange alpinbakkar, utfartsløyper og turhytter. På ei hytte såg Svein Sæter eit Troll-ski på eine sida av døra, og eit Landsemski på andre sida

Etter Kleivakvelden fredag skreiv Surnadal og Rossland under vennskapsavtale, så no er dei vennskapskommunar.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298486.1537.xccwsctcxb/1-IMGP0242.jpg
 

Endre Seljebø frå Ålvundfjord hadde med seg eit par ski som Olaus truleg hadde bruka. Her ser du Raymond Gaudart (t.v.) og Keiron Grey frå Rossland sjekke lengda på skiene. Staven hadde fint utskore mønster og jarnspiss.


https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298490.1537.cdcuxqfwaw/1-IMGP0248.jpg

Olaus Jeldness hadde ingen direkte etterkommarar, men har ei stor slekt i heile gamle Stangvik og vidare utover. Rune Glednes vart også kalla fram. Han er ikkje i nær slekt med Olaus, men utan tvil er dei åndsfrendar. Svein Sæter ramsa opp nokre av dei store bragdane hans: Grønland på langs på ski, tvers over Arktis og Nordpolen på ski og verdens lengste skitur – krysse Antarktis aleine, 4804 km.

Rune innrømte at drivkrafta hans var spenning, og at dette var noko han og Olaus hadde i lag. På spørsmål om kva planar han no hadde, svara han kryptisk at det hadde vore nok kvitt og flatt no. Det måtte bli noko i høgda no, jungel kanskje ... Kvifor? - Fødd slik, meinte Rune Gjeldnes. Så får vi vente og sjå kva som skjer.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298481.1537.dqxtbbqcvr/1-IMGP0223.jpg

Ålvundfjordbandet Skrult, som i dag kjapt var omdøpt til Olaus Jellness band av konferansier Svein Sæter, hadde fleire avdelingar med frisk musikk – nokså westorientert, bluegrass er nok sjangeren deira.. Dei hylla mellom anna den amerikanske diktaren Edgar Allan Poe i ein av songane.

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298491.1537.rqcdurbbua/1-IMGP0256.jpg
Skrult på prærien? Nei, utafor Bondehuset i Stangvik


https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298489.1537.appcauvqrp/1-IMGP0244.jpg
Thor Gotås, direkte frå Oslo til Bondehuset, klar til å gje oss ei innføring i norsk skihistorie.  (Alle foto ovafor: OleT)

 

Før turen gjekk til fødeplassen til Olaus Jeldnes, slapp forfattaren, skihistorikaren og folkloristen Thor Gotås til. Med tempo som eit maskingevær drog han oss med gjennom den norske skihistoria med plastikkfoiler i høgt tempo! Alt krydra med utrulege historier og kommentarer, så reis gjerne eit godt stykke for å oppleve dette fyrverkeriet av ord og kunnskap, for da får du roa deg ned att på heimturen!

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298492.1537.evcedayvwa/1-IMG_8079.jpg

Bergsvein Brøske orienterte litt før turen gjekk til Trøinn, heimplassen til Olaus Jeldness.(Foto: Anita Land)

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298493.1537.stpupaptap/1-IMG_8082.jpg

Gudrun Stabel på Trøinn sammen med Raymond Gaudart fra Canada. (Foto: Anita Land)

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2298494.1537.ucysvsadpc/1-IMG_8092.jpg

Folk kosa seg og kvilte ut medan dei høyrde på lelemusikk frå Torgeir Leivdal (Ikkje på bilde)
(Foto: Anita Land)