øye skule_550x354

Øye mot mobbing

Denne veka arrangerer Øye skule den årlege «Miljøveka», der dei har fokus på det sosiale miljøet. I samband med dette var det ei markering i Surnadal idrettshall onsdag. Tema der var underskriving av manifest mot mobbing. Manifestet skal sikre barn og unge eit inkluderande læringsmiljø, med nulltoleranse for mobbing.

Alle elevar og lærerarar, leiar i FAU, elevrådet, tillitsvald i Utdanningsforbundet og ordføraren deltok i den viktige markeringa og forpliktinga.

– Alle skal ha det bra både inne og ute, og dette er både barn og vaksne forplikta til å gjere sitt beste for, seier rektor Odd Arild Sande. 

Dette skriv Driva i dag. Les meir på driva.no.