Øvre Surnadal Sanitetsforening feirer 100-årsjubileum

Øvre Surnadal Sanitetsforening vart stifta 23. september 1917 i Sagatun. Foreininga er framleis aktiv, sjøl om medlemstalet har gått ned. Laurdag var medlemmane og nokre spesielt inviterte gjestar samla til 100-årsmarkering.

Øvre Surnadal Sanitetsforening styret.jpg
Dette er styret i Øvre Surnadal Sanitetsforening i 2017. F.v. Marit Aune Dønnem, Liv Harang, Jorunn Rindal, Helga Dalsegg, Margit Fugelsøy, Reidun Dønnem Nerland og Grethe Mauset.


Ei aktiv foreining

Margit Fugelsøy har vore leiar i Øvre Surnadal Sanitetsforening sidan 2013. Sjølv har ho vore medlem i foreininga i 45 år, og ho fortel at det er mange trufaste medlemmar som har vore med enda lenger. Ho fortel at foreininga er aktiv året rundt, og dei støtter fleire aksjonar. Mange av aktivitetane dei har er samarbeid med Todalen Sanitetsforening, Torvik Sanitetsforening, Surnadal Sanitetsforening og Rindal Sanitetsforening.


Ønsker seg fleire medlemmar

Medlemstalet i foreininga har gått ned dei siste åra. Dei har vore oppe i ca 600 medlemmar i tidlegare tider, da det var vanleg at "alle" var med og støtta sanitetsforeininga. No er det i underkant av 50 medlemmar. Dei ønsker seg fleire, og yngre medlemmar er særleg velkomne.


Arbeider med barn og med eldre

Stiftelsesmøtet vart altså halde i Sagatun for 100 år sidan. Da var det naturleg at jubileet no vart feira på same plass. Margit Fugelsøy har gått igjennom gamle protokollar og laga ei oppsummering av aktivitetane i foreininga gjennom 100 år. Reidun Dønnem Nerland les opp dette for forsamlinga. Ved stiftelsesdatoen i 1917 var det allerede 136 medlemmar. På 1950-talet låg det på langt over 500 medlemmar. Den tida var det vanleg at både menn og kvinner, unge og gamle, sto som medlemmar i sanitetsforeininga. 

Sanitetsforeininga arbeider særleg med barn og eldre. Slik var det i 1917 og slik er det framleis. Det har vore stort fokus på helsefremmande arbeid. Øvre Surnadal Sanitetsforening var svært aktiv i dei første åra, slik det var for sanitetsforeiningar over heile landet i den tida. Det var vanleg at sanitetsforeinigane hadde sjukepleiarar og jordmødre ansatt. Det var sanitetsforeiningane rundt om i landet som starta opp med spedbarnskontrollar, og slik var det i Surnadal og.

Ledere i ØSSF.jpg
Her er ei oversikt over leiarane i Øvre Surnadal Sanitetsforening gjennom 100 år.


Mykje har skjedd gjennom hundre år

Det er mykje som har skjedd gjennom hundre år. Øvre Surnadal har organisert og støtta ei lang rekke med helsefremmande tiltak, både i kommunen, og utanfor. I dag er dei framleis aktive, både med eigne arrangement og aktivitetar og aksjonar saman med andre foreiningar. Dei er mellom anna med i omsorgsberedskapsgruppa i Surnadal, i samarbeid med dei andre sanitetsforeiningane i kommunen.

Vi gratulerer Øvre Surnadal Sanitetsforening med 100-årsdagen!

 

Her finn du nytt fra Øvre Surnadal Sanitetsforening.