Østerdalsfuru til topps i Rindal
I Rindal står framleis kjerktårnet innpakka i byggestillas og plast. Ser ein nærare etter, så ser ein at mykje er rive ned innafor. No er alt som skal rivast rive ned, og gjenoppbygginga er i gang innafor plasten som har blafra god i vindkasta i det siste.
Foto: Kjellaug Foseide
Frå ein oppmerksom rindaling har vi fått denne artikkelen om leitinga etter stort og godt nok tømmer til restaureringa av kjerktårnet i Rindal.
Les kva www.glommen-skog.no skriv om dette. Toppbildet er frå den artikkelen.
Foto: OleT
Toppen på åttekanten du ser på bildet er under utskifting pga råte, og det blir fundament for spiret, den omsnudde krumkaka på toppen.
- Det er der oppe østerdalstømmeret skal brukast og stå dei neste 100 åra, seier Johan Helgetun, bygningsansvarleg i Rindal sokneråd.
Foto: Johan Helgetun
Her er stokkane som skal erstattas av stokkar frå Elverumsskogane.
Foto: OleT
Rindalsplatået med plastinnpakke kjerke sett frå Langlia.
Trollheimsporten har hatt desse artiklane om brannen i tårnet på Rindalskjerka natt til 27.september 2015: