Eli Rygg_1024x683

Eli Rygg i Storstuå på Kulturhuset

Ønskjer trygge unge

Eli Rygg er framleis på heimebane når ho snakkar til dei unge. Det viste ho da ho møtte elevane frå Surnadal Ungdomsskule i Storstuå fredag formiddag. Det var Mental helse Surnadal og Rindal som hadde tatt initiativet til treffet der fokus var ungdom og ulik problematikk knytta til mental helse.

Eli Rygg snakkar om kor viktig det er at barn og unge får lov til å kjenne på følelsar som sinne og sorg. Foto: Norunn Holten

Mental helse Surnadal og Rindal hadde teke initiativet til arrangementet på Kulturhuset. Utgangspunktet var at Verdensdagen for psykisk helse i år  fokuserte på ungdom og dei særskilte utfordringane dei møter. Organisasjonen allierte seg med folkehelsekoordinator i Surnadal, Annett Ranes, og saman fekk dei henta inn Eli Rygg som foredragshaldar. Eli Rygg er utdanna barnepleiar og arbeider i dag med næromsorgsarbeid innan barnevernet i Østfold og Akershus. Sjølv om Eli ikkje lenger er den kjendisen ho var i dei åra "Portveien" gjekk på NRK, er ho framleis eit varp som foredragshaldar. Evnene hennar til å skape kontakt med eit ungt publikum har ho nemleg utan tvil behalde sidan tida på TV-skjermen.

Ho starta foredraget sitt med å fortelja om forventningane omverda har til oss menneske, og korleis vi heile tida blir samanlikna med andre. Desse forventningane møter oss alt i fosterlivet. Ho snakka også om korleis vi gjennom den oppdragelsen vi får, fjernar oss frå den personen vi "eigentleg er". Det er mange kjensler vi ofte ikkje får lov å "vera i", som Eli kalla det. Dette kan vera gråt, sinne, sorg eller berre det å  vera litt lei seg eller snurt. Dette fører til at vi tek på oss "late som"-masker, slik at vi skjuler korleis vi eigentleg har det. Med åra fører dette til at vi fjernar oss frå den personen vi på botnen er, og at vi ifølgje Eli Rygg "gror skeivt". For å gro riktig, må vi kjenne også på dei kjenslene som ofte blir undertrykt,  til dømes sinne. Berre slik kan vi bli trygge nok på oss sjølve til ta fram dette sinnet og bruke det i situasjonar når det trengs, til dømes viss vi skal klare å stå imot press frå ei gruppe som vil ha oss til å gjera nok vi veit er gale, eller ikkje vil. Det å bli kjent med seg sjølv, å leva på ein måte som gjer at ein blir  trygg på seg sjølv, men også respektere at andre er annleis enn seg sjølv, var gjennomgangstema i foredraget der også mobbing vart problematisert.

Sjølv om foredraget til Eli Rygg opptok mesteparten av tida i Storstuå fredag, benytta også Mental helse Surnadal og Rindal høvet til å presentere seg for ungdommane. I tillegg vart det også orientert om PPT og barnevernet. Hovudmålet var at alle som kan trenge å kome i kontakt med nokon av instansane, veit kvar dei skal gå.

Eli Rygg saman med to av initiativtakarane til arrangementet i Storstuå: Folkehelsekoordinator Annett Rane og Gunn Elin Bakk frå Mental helse Surnadal og Rindal. Foto: Norunn Holten