ps IMG_7069

Ønskjer alle søkarar velkomne

Realfag og toppidrett er blant trekkplastera for studiespesialiseringa ved Surnadal vidaregåande skole, som framleis håpar å tiltrekkje seg elevar frå Rindal og Halsa. Rektor Mons Otnes understrekar at dei framleis har samme rett til skuleplass i Surnadal som tidlegare.

1. mars er søknadsfristen for alle som ønskjer plass på vidaregåande skular i haust. Medan nokon veit kva skule og linje dei skal søkje på, er andre framleis i tenkeboksen.

Som dei fleste andre skular, er og Surnadal vidaregåande skole spente på søkjartala til neste år. Eit par veker før søknadsfristen ser talet på søkarar relativt likt ut som i fjor, fortel rektor Mons Otnes.

Otnes får framleis mange spørsmål frå potensielle elevar frå Halsa og Rindal, om kva rett dei har til å gå på vidaregåande skole i Surnadal no som dei vert- og har vorte trøndarar.

– Svaret på det er enkelt: elevar frå Halsa og Rindal har samme rett til å søke skuleplass på Nordmøre som dei hadde før. Heldigvis ligg det ein god samarbeidsavtale med fylkeskommunen i botnen, som tek for seg mellom anna skuleskyss, seier Otnes, og legg til:

– Så rindalingar og halsalendingar har samme rett til å søkje skuleplass i Surnadal, Sunndal, Kristiansund og Tingvoll som i Trøndelag. Dette er informasjon både poensielle elevar og foreldre skal ha fått, men ein god ting kan ikkje takast opp att for ofte.

Per i dag har skulen om lag 50 elevar frå Rindal og 12 frå Halsa, av totalt rundt 270 elevar.
 

Toppidrett på tvers av klassetrinn

Blant tilboda som trekkjer søkarar til Surnadal VGS er programfaget Toppidrett, som kan veljast av alle elevar som går studiespesialisering. Faget består av fem timar per veke, og har både teoretiske og praktiske kompetansemål.

Elevane som vel toppidrett kan velje mellom fotball og basis, der dei som vel basis igjen kan velje mellom dans med Stine Valde, handball med Mari Vattøy eller rein basistrening. Ingvild Berg er hovudansvarleg lærar for basisdelen, medan Espen Fougli Vraalsen har fotballdelen.

– Toppidrettsfaget er eit tilbod på tvers av klassetrinn, og gjev elevane ei fin mulegheit til å bli betre kjent med andre med dei same interessene. I tillegg kolliderer det ikkje, reint timeplanmessig, med andre programfag. Dermed kan ein fint kombinere toppidrett med andre fag ein ønskjer seg, seier Ingvild Berg.

Per i dag har 43 elevar ved skulen valt toppidrett, som i tillegg til dei nemnde aktivitetane har gjennomført fellesøkter med mellom anna langrenn, skøyter og ishockey.
 

Knallsuksess med dans

Toppidrettsfaget ved Surnadal VGS har dei siste åra vorte tilpassa elevane. I 2017 vart handball ein del av faget, medan dans er nytt innslag dette skuleåret.

– Vi prøvar å tilpasse oss, og slik at vi kan gje elevane eit tilbod dei ønskjer seg. Dansegruppa har vore ein knallsuksess, seier Espen Fougli Vraalsen.

– Ja, og vi har fått på plass eit kjempegodt samarbeid med Kulturskulen på Indre Nordmøre, seier rektor Otnes, og fortsett:

– Vi er alltid spente på om vi får nok elevar når vi sett i gang noko nytt, som med handball og dans, men det har vi alltid fått. Det er vi veldig glade for.

Lektor Vraalsen understrekar at ein slett ikkje treng ha planer om å verte toppidrettsutøvar for å velje programfaget Toppidrett.

– Faget gjev både aktivitet i kvardagen og fagleg påfyll, og er eit godt tilbod for både dei som ønskjer å utvikle seg innanfor idretten sin og dei som ønskjer meir generell trening, seier han, og legg til:

– Samtidig er vi veldig opptekne av å få fram- og ta vare på gleda i det vi held på med, for det må vere artig å drive med fysisk aktivitet og idrett.

ps IMG_7049.jpg
Toppidrett er eit populært tilbod ved Surnadal VGS. Her Ingvild Berg (framme f.v.), Espen Fougli Vraalsen og Mari Vattøy saman med elevane som har valt fotball eller handball.
 

– Realfag gjev mange mulegheiter

På biologi- og kjemi-rommet møter vi Maren Svanem, som meir enn gjerne slår eit slag for realfag og studiespesialisering før 10.klassingane skal søke skule innan 1. mars.

– Realfaga er veldig viktige, og i tillegg til at det trengs ingeniørar og folk med utdanning innan medisin, er det og ein fordel å ha realfag i botnen dersom ein vil verte til dømes sjukepleiar, seier Svanem, som understrekar at ho og ser på yrkesfag som eit godt alternativ for potensielle elevar.

Dette skuleåret starta berre 25 elevar, ein klasse, på studiespesialisering ved Surnadal VGS. Dette er den retninga som tidlegare var kalla allmenne fag. Totalt er det no om lag 80 elevar på skulen som går studiespesialisering.

– Studiespesialiering med realfag gjev eit godt grunnlag dersom ein har planer om å studere vidare, samtidig som det held veldig mange mulegheiter åpne, seier Svanem, og fortsett resonnementet:

– Dei fleste har ikkje peiling på kva dei vil gjere vidare når dei no må ta valet som 15-16-åringar, og då er dette ei retning som gjer at ein kan velje å gjere veldig mykje forskjellig seinare. I tillegg finn omtrent alle noko dei er interesserte i dersom dei vel studiespesialisering.

Mons Otnes fortel at skulen gjer det dei kan for at dei som no skal søkje vidaregåande opplæring skal ha best muleg grunnlag for valet dei tek.

– Vi har hospitering frå ungdomsskulen, åpen skule, informasjonsmøte og fleire andre tiltak for å sikre at elevane skal vite kva dei har å velje mellom. Vi ønskjer å hjelpe dersom folk er usikre, seier Otnes.
 

Trivst med studiespesialisering

Ine Fiske, Benjamin Skålvik Rønning, Martin Bolme Fjerstad og Lars Gjøra går førsteåret studiespesialisering, og viser gjerne dei frammøtte journalistane korleis brennstoffet lycopodium reagerer i møte med luft.

Elevane fortel at dei trivst godt med valet dei har gjort.

– Det å gå studiespesialisering kan absolutt anbefalast. Det er slett ikkje berre å sitte og skrive, seier Ine Fiske med eit smil.

ps IMG_7060
Ine Fiske (f.v.), Benjamin Skålvik Rønning, Martin Bolme Fjerstad, Lars Gjøra og lærar Maren Svanem.
ps IMG_7061
ps IMG_7062
ps IMG_7068
ps IMG_7069
ps IMG_7070