Nye Johansen Conditori i Alti Surnadal åpna fredag:
Ønska kundane velkommen til nyåpning
Om lag fire månader etter at Alti Surnadal og blant anna Johansen Conditori avslørte store ombyggingsplaner, åpna Arne Johansen og dei tilsette fredag dørene.
Ingressfoto: Arne Johansen og Lars Ove Løseth i samband med Johansen Conditori si nyåpning fredag.
Slik Trollheimsporten meldte tidlegare i veka, vart det ein hektisk innspurt for å få alt klart til åpninga, og siste beslag vart festa få minutt før eigedomssjef Bergsvein Brøske ønska dei frammøte velkommen.
– Innspurten skal vere slik, smiler senterleiar Lorentz Sæter.
– Ja, såpass må det vere, stemmer Bergsvein Brøske i.
Dagleg leiar i Alti Forvaltning, Lars Ove Løseth, tok og det heile med knusande ro:
– Vi har no fem minutt att til åpning endå, så dette blir bra, det!
– Ein dag vi har sett fram til
Og bra, det ser det ut til å bli. Både meny, møblement, kjøkken og resten av Johansen sitt lokale har fått ei solid oppgradering, som del av satsinga på å bli den leiiande spisestaden i Surnadal.
Både sjølve kafeen, fellesområda og handlegatene har fått-, eller held på å få, eit mykje meir moderne preg enn tidlegare. Fredag serverte ein glad Arne Johansen og dei tilsette gratis marsipankake og kaffi, og ei heil rekkje faste Johansen-kundar var sjølvsagt på plass.
Bergsvein Brøske er glad for at nok eit viktig steg i ombygginga av Alti Surnadal er teke, i form at Johansen Conditori-åpninga.
– Dette er ein dag vi verkeleg har sett fram til. Det er utvikling i beste forstand, med både leietakarar og eigarar som ønskjer å bli betre heile tida.
Han takkar og lokale entreprenørar for godt arbeid.
– Dei gode entreprenørane og deira tilsette fortener stor takk for jobben som er gjort for å få alt dette på plass.
I velkomsttalen sin peika den tidlegare ordføraren på kor viktig kafeen er for senteret.
– Johansen Conditori er ein kjempeviktig del av nye Alti Surnadal, som skal bli eit supert, nytt senter.
Med flytting av Ivar Øverlie og Princess og nye lokaler for Johansen Conditori, har det allereie skjedd mykje i lokala til Alti Surnadal.
Lars Ove Løseth fortel at arbeidet med ARK-butikken, som skal åpne 2. juli, no fortsett med full styrke. I tillegg er arbeidet med å lage ny oppgang til 2. etasje for Olav Thon Gruppen i gang.
– Senteret får eit mykje meir moderne uttrykk, og vi har like stor tru på at dette blir bra no, som då vi sette i gong ombygginga, seier han.
– Vi skal handle lokalt
Etter å ha ønska velkommen, gav Bergsvein Brøske ordet til ordførar Margrethe Svinvik, som hadde fått det ærefulle ansvaret å stå for snorklippinga, som markerte åpninga. Svinvik gratulerte både Arne Johansen, dei tilsette, Alti Surnadal og sambygdingane med nyåpninga.
– Det har vore ei heilt uverkeleg tid denne våren, og det skal mot og teft til for å satse slik Alti Surnadal og Johansen Conditori gjer. Det takkar vi for. Både eg og andre surnadalingar har vakse opp med senteret, og sett stor pris på oppussinga de gjer, sa ho, før ho la til:
– Takk for innsatsen de gjer for at Surnadal skal få ha slike varer og tenester. Vi skal kjenne vår besøkelsestid og handle lokalt!
Svinvik omtala kafeen som hjertet i senteret, og overfor Trollheimsporten understreka ordføraren kor viktig ein slik samlingsstad er, spesielt i desse tider.
– I den tida vi har gått- og går gjennom er det viktig for folk å treffast. Det er viktig både for enkeltmenneska og for samfunnet, det å kunne møtast, bli sett og få det sosiale samvêret.
Arbeidande styreleiar i Alti Forvaltning, Lars Løseth, trur Johansen Conditori med denne oppgraderinga har eit godt grunnlag for tida framover.
– Det som har overraska meg litt, er at det har vore kjempestor trafikk på den midlertidige kafeen i lokala Nille hadde før. Dei har eit godt grunnlag no, og det lovar veldig godt.
Løseth trur dei oppgraderingane Alti Surnadal no gjer, var heilt nødvendige.
– Å bruke pengar på slike oppgraderingar, som ikkje gjev ei direkte inntjening, gjev naturleg nok heller aldri dei artigaste reknestykka, ler han, og legg til:
– Men det blir eit heilt anna senter, og det løftet måtte til no.
Fleire bilete frå åpninga:
Alti Surnadal er medlem av Trollheimsporten.