surnadal heimbygdlag årsmøte 2019 690

Surnadal Heimbygdlag melder:

Nyutgjeving av Hyldbakk-bok

Heimbygdlaget i Surnadal arbeider med å gje ut på nytt reisebreva til Hans Hyldbakk: «Ei Haustferd på Nordmøre 1934.» Dei vart opphaveleg trykt i avisa «Heimveg» som han var redaktør av, og seinare gitt ut som bok i 1951.

No arbeider Heimbygdlaget med å digitale reisebreva og få dei trykt saman med ein del bilde frå dei områda Hyldbakk reiste i, på Nordmøre og i Romsdal.

Heimbygdlaget har og fått nasjonale lesestimuleringsmiddel i høve Bokåret 2019 til å gjere boka kjent og skape interesse for prosjektet.

Dette kom fram på årsmøtet som Surnadal Heimbygdlag hadde på Vårsøg hotell nyleg. Her vart elles Trygve Roaldset attvald som styreleiar.

Dei andre i styret er Svein Sæter, Arild Drøivoldsmo, Eivind Hasle, Olav Bergheim, med Sverre Hatle og Kjellaug Brørs som varamedlemmar.

Pernille Torvik og Karstein Mauset underheldt på årsmøtet med inspirerande og vakker song.
 

Foto: Trygve Roaldset.

Surnadal Heimbygdlag er medlem av Trollheimsporten.