Kommunen har ledige «Inn på tunet»-plassar!
Nytt tilbod for eldre i Surnadal
Surnadal kommune har ledig kapasitet på det nyoppstarta «Inn på tunet»-tilbodet som er etablert for heimebuande personar med lett demens. Tilbodet inneber at dei eldre blir henta og køyrt til «tunet» dei skal til, og at dei der deltek i ulike aktivitetar som naturleg høyrer heime på garden før dei etterpå får skyss tilbake til heimen sin igjen. I løpet av dagen får også dei eldre to gode måltid i triveleg selskap.
Gode vener på tunet. Alle foto: Helga Bele
Rådgjevar Elizabeth Miciano ved Surnadal kommune fortel at det i fleire år har vore etterlyst eit dagtilbod for heimebuande med demens i kommunen. Ho kan også fortelje at det stadig blir fleire som får demens. Det blir anslått at det på landsbasis alt i dag er kring 70 000 personar med demens, og at heile 30-35 000 av desse bur i eigen heim. Desse tala stig saman med eldrebølgja. I tillegg er det venta at kommunane frå 2016 vil bli lovpålagt å ha eit tilbod for demente. Alt dette blir sett på som gode grunnar til å få i gang eit tilbod så fort som råd.
Ei arbeidsgruppe som består av Elizabeth Miciano, avdelingsleiar ved HT, Ann Helen Gjerdevik, rehabiliteringskoordinator Trine Glåmen og jordbrukssjef Mona Rossvold har arbeidd med å etablere eit dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens. Gruppa har etter kvart blitt utvida med dei to gardbrukarane som så langt tilbyr «Inn på tunet», nemleg Helga Bele frå Bæverfjord og Solveig Haglund frå Øye.
Ved hjelp av tilskot frå staten kom tilbodet i gang frå oktober 2012. Dei to nemnde gardane kan til saman tilby seks plassar, fem dagar i veka. Dagane er fem timar lange, og inkluderer som før sagt henting og bringing. Det er maksimalt tre personar samtidig på same tunet. Dei eldre kan søkje om å få tildelt ein eller fleire dagar. Når dei kjem fram til garden, er det først formiddagsmat. Oppgåvene er deretter mange og varierte: Det kan vera planting og såing, baking og anna matlaging, foring av kopplam og anna enkelt gardsarbeid, gå tur, snekring, sying og strikking, hagestell og anna. Før retur heim er det middag. Nokon vil kanskje reagere på kort avstand mellom måltida, men eit poeng med dette er å sikre at dei eldre i alle fall desse dagane skal få i seg god og næringsrik mat. Det er dessverre eit faktum at mange gløymer å eta når dei er på eiga hand.
Målgruppa for «Inn på tunet»-tilbodet er personar med demens i tidleg fase. Det kan vera stilt ein diagnose, eller det er sterk mistanke om demenssjukdom. Det er eit krav at personane må bu heime, og at dei er i såpass god fysisk form at dei kan delta på aktivitetane på tunet. Dei som allereie har fått plass på tilbodet, er svært fornøgde, og har gitt uttrykk for at det er rart ikkje fleire vil vera med. No har dei altså mulegheita- ettersom det enno er litt ledig kapasitet på tilbodet.
På tunet er det mange oppgåver å halde på med. Her: Utplanting av stemorsblomster.
Baking er ein poplær "inn på tunet"-aktivitet!