
Nytt skuleår for Kulturskolen
Litt info frå kulturskolen.
No er det nytt skoleår med mange nye elever. Elever og lærere er spente og ivrige på å komme i gang.
Mange elever har fått tilbud om plass, men dessverre er nokre elever fortsatt på ventelisteplass. Men dersom det blir ledige plasser vil vi ta inn elever løpende gjennom skoleåret.
I enkelte fag har vi ledig plass og særlig i gruppefaga dans og drama har vi fortsatt nokre ledige plasser.
Av det vi skal være med på i år kan vi nemne balletten Nøtteknekkeren, Rockekonserter, utstillingar, kaffekonserter, teateret Rødhette og mykje meir.
Nye lærarar!
Vi har ny danselærar i dette semesteret. Stine Valde frå Trondheim er utdanna frå Norges Dansehøyskole, Bachelor i dans med pedagogikk med fordjupning i jazzdans.
Ho er tilsett i Operaen i Kristiansund og vil undervise i Surnadal på mandager og Halsa på tirsdager.
Ei lita gulrot for de yngste danserene er at vi skal være med på ei stor oppsetning av Nøtteknekkeren før jul.
Da får våre yngste dansere vere med ilag med solistar frå Kristiansund, så dersom det er nokon frå 1.til 4. Klasse som ikkje har søkt plass ennå er det mulig å sende inn søknad. Det er også nokre plassar på dei andre gruppene.
Vi har også tilsett ny songlærar. Elisabeth Gjørsvik frå Tingvoll vil undervise songgrupper og enkeltelever i Surnadal og Halsa. Her er det også nokre få ledige plassar.
I Dramafaget er det ledig plass på nokre av gruppene i alle kommunene. Ta kontakt dersom de har lyst til å prøve ut det. I Rindal er det endeleg vorte nok elevar til ei gruppe, men her er det fortsatt rom for fleire elever. Særleg gutar vil vi gjerne ha fleire av seier Gerd Ingrid Kvendset.
Ei av gruppene i Surnadal vil presentere teaterstykket Rødhette i haust. Det vil bli marknadsført litt seinare på hausten.
Gledeleg er det at både i Halsa og Surnadal har mange nye aspirantar til korpsa søkt og fått plass på begynneropplæring og vi håper alle etter kvart kjem inn i korpsa.
Visuelle kunstfag har nokre veldig få ledige plasser på dei eldste partia i Surnadal og Rindal. Elles er det noko venteliste der.
Her er billedkunstnaren Marit Øydegard frå Tingvoll vikar for Inga utover hausten.
Pianoelevane til Linda Torvik har starta med notekurs dei tre første vekene av skoleåret. Her ser vi ei gruppe med dei nye elevane som er ivrige på å lære notar og å spele piano.
Ta kontakt om de vil ha meir info.
Eg er på mob 41542117
Mvh
Torbjørn Larsen