Nytt ras i Falla
Det er gått eit nytt ras i Falla natt til fredag, denne gong på oversida av den tidlegare rasstaden. Beredskapsvakta har vore på staden, men Dalavegen er foreløpig ikkje stengt. Verken vegen i Falla eller vegen innover til Gammelfabrikken er direkte berørt av raset, skriv todalen.no.
Kommunen vurderer kva tiltak som må gjerast.
- Vi kjem til å ta eit overblikk over situasjonen saman med entreprenøren Per Gjeldnes Maskin når det blir lyst, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune til todalen.no.
Han oppfordrar alle som ferdes i området til å utvise stor forsiktighet til ein får skaffa seg oversikt over situasjonen.
Foto: todalen.no.