Kyrkjeblad logo_400x195

Nytt Kyrkjeblad for september

Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal gir saman med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre ut Kyrkjeblad for indre Nordmøre. Alle husstandane har nettopp fått det i postkassane sine. For deg som bur utanom distribusjonsområdet - eller ikkje finn att bladet - ligg det nedlastbart på nettsida til kirka i Rindal og Surnadal!

Kjenner du nokon som bur utanfor distribusjonsområdet, så kan desse også få tilsendt bladet i posten. Send epost til kyrkjeblad@gmail.com.

 

Kontingenten er frivillig for alle, men bladet er avhengig av denne sidan det er einaste inntekta utanom nokre takkoffer! (gironr.4050.40.46232)

 

Møre bispedømme har hatt tre biskopar, først Ole Nordhaug (t.v.), så Odd Bondevik (t.h.) og noverande Ingebord Midttømme

 

I dette nummeret er det stoff om 30-årsjubileet til Møre bispedømme i tillegg til lokalt kyrkjestoff.