
Nytt "Du mitt Nordmøre"
Illustrasjon: Lama på Brattset gard på Ertvågøy i Aure prydar framsida av "Du mitt Nordmøre" 2011.
Nordmøre Mållag sender i desse dagar årets utgåve av "Du mitt Nordmøre" ut til butikkane. Enkelte stader vil boka også bli seld ved dørene. Innhaldet er tradisjonen tru dominert av lokalhistorie og artiklar om språk og dialekt, men det er også, som før, gitt rom for ein god del skjønnlitteratur. Nokre skribentar er veteranar, andre er nye for året. I forordet peikar Ingrid Kjønnøy frå skriftstyret på at 2011 vart eit annleis år der norske verdiar vart angripne både med våpen og ord. Ho meiner eitt av resultata av dette er at det førte til ei bevisstgjering hos mange av oss for korleis vi vil leva i landet vårt, kva som er viktig, og kva som er verdt å ta vare på. "Du mitt Nordmøre" ønskjer i ein slik samanheng å representere det som er verdt å ta vare på. Temaet i 2011 er "før og no", så derfor finn vi både gammelt og nytt i lett blanding i boka. Til dømes skriv Sverre Hatle om Surnadals-bandet Batteri, Liv Klaksvik skriv om torvtaking i gamle dagar. Eit vidt spenn i innhald, med andre ord!