Nytt ansikt på COOP Elektro
COOP Elektro Rindal i Rindalstorget er ein godt besøkt butikk i Rindal, samlokalisert med Sport 1. Ivrig opptatt med å demonstrere det siste innan mobil finn vi ein ny person som er lite kjent for rindalingar, men godt kjent for surndalingar.
Det er Jostein Dønnem frå Honnstad i Surnadal som styrer på COOP Elektro no. Han kom frå COOP Elektro Surnadal der han har jobba i 12-15 år. Før det arbeidde han i lag med Lars Hamnes som var ein pionér på data i dalføret. Saman hadde dei talrike datakurs både i Surnadal og Rindal. Dermed kan du spørre Jostein om data også, men mobil er det fagområdet han kan kalle seg ekspert på no, i tillegg til kjennskapen han har til all kvitevaren og brunvaren COOP Elektro elles fører.
Jostein kan fortelle at han er født på den gamle fødestua på Gammelheimen i Rindal, utan at han kan rekne seg for rindaling av den grunn. Mange kjenner han nok frå før som «spællmann». Han har spela gitar over heile Midt-Norge i «Dalagutan» dei 25 siste åra. Dermed har han god greie på musikk og lyd.
Sjå heimesida til Dalagutan og kva Trollheimsporten skreiv for tre år sidan!
Han likar seg alt godt på den nye arbeidsplassen. Vareutvalget kjenner han jo frå Surnadal. Samlokaliseringa med Sport 1 er også positiv. Han ser fram til godt samarbeid med kollegaen der, Gunn Marit Løfald, som også uttaler seg svært optimistisk om samarbeidet.
Dei lokale butikkane har etter kvart fått sterk konkurranse av nettbutikkar i tillegg til dei store varehusa. Alt kan snart kjøpast på nett, men den lokale fagkunnskapen er fordelen Dønnem meiner COOP Elektro Rindal kan bidra med. - Vi kan nok det meste om funksjon og bruk av varene vi fører, seier han.
Jostein Dønnem ønsker både sine gamle og nye kundar velkomne til COOP Elektro Rindal i Rindalstorget
COOP Elektro, Sport 1, COOP Prix og COOP Jernvare er medlemmer av Trollheimsporten. Klikk her og sjå kva du får som medlem av Trollheimsporten du også!